Venstre Frank Stenløs Lena Landsverk Sande Pål Farstad foto Baard Salvesen 11
REAGERER: Venstre-kandidatane til lokalevalet i Møre og Romsdal: Frank Stenløs (f.v.), Lena Landsverk Sande og Pål Farstad. Foto: Baard Salvesen
Synspunkt

Samferdselskutt raserer næringsfylket Møre og Romsdal

Når skal regjeringa byrje å sjå framover, bygge heile landet, og spele på lag med næringslivet, bulysta og framtida, spør lokale Venstre-politikarar.

Et ekspertutval foreslo før jul store omleggingar av inntektssystemet for fylkeskommunane, fordi regjeringa måtte finansiere fylka etter oppdelinga av Viken og Troms og Finnmark. Kommunal- og distriksminister Sigbjørn Gjelsvik tok i mot forslaga, som viser seg å vere dramatiske for fleire kystfylke, der Møre og Romsdal åleine får eit årleg inntektstap på nær 200 millionar kroner.

Fylkespolitikarar frå alle parti protesterer, vel vitande om eit vedtak ut frå dette vil gje dramatiske kutt i tilbodet i dei videregåande skulane, til tannhelse og kultur, samtidig med at ein kan sjå langt etter ambisjonane om å få fylkesvegane opp på den standarden dei bør ha. I tillegg må vi rekne med at kollektivtilbodet må blø, og nettopp dette fekk vi eit førebels svar på denne veka.

I samferdselsutvalet i fylket den 1. mars fekk politikarane ei orientering om høyringa som no går ut i høve kutt som må gjerast, for å møte signala som no kjem frå vår sittande regjering. I arbeidet med kutt- og endringsforslaga er det brukt prinsipp om likebehandling. Det er lagt opp til kutt og endringar i alle sambanda med fylkesvegferjer, og rutereduksjonen er på same nivå for samband med tilsvarande trafikktal. For fleire samband er det dei første og siste avgangane på kvardagar samt avgangar på helg som vil bli kutta når ein skal basere tilbodet på nasjonal ferjestandard.

For hurtigbåt og buss ser ein etter løysingar som råker passasjerane minst mogleg, men med så store reduksjonar, vert likevel mange råka. Fylkeskommunedirektøren meiner at konsekvensane for innbyggarane vil bli store fleire stader. Dette gjeld både ferje, hurtigbåt og buss. Både for dei som jobbar turnus og andre arbeidspendlarar vil det blir vanskeleg å kome seg på jobb og heim igjen, eller å rekke flygingar. Det vil også bli vanskeleg for barn og unge å kunne nytte fritidstilbod, og næringslivet vil få dårlegare vilkår.

For operatørane vil slike kutt og endringar bli utfordrande. Både nedgang i løn for dei tilsette, oppseiingar og meir bruk at deltidsstillingar er moglege konsekvensar. Reint praktisk er forslaga på bordet no slik:

  • Ferje: Innsparing på minimum 50 millionar kroner
  • Hurtigbåt: Innsparing på 5 millionar kroner
  • Buss: Innsparing på 10 millionar kroner
  • Utgreie auka inntekt ved å auke med éi takstsone på alle samband

Slik er dei tre alternative løysingar for ferje- og kollektivtilbodet i fylket:

  1. Auka statleg overføring for å bevare dagens drift
  2. Rutereduksjonar tilpassa økonomiske rammer
  3. Auka inntekter frå dei reisande

Fylkespolitikarane er no sett til å prioritere hardt mellom pest og kolera, og får ikkje sympati uansett kva dei no vel. Nei, no er det på tide med eit kystopprør, for å få AP, SP og støttespelar SV til å skjøne at levande lokalsamfunn ikkje bygger seg sjølv. Møre og Romsdal er Norges fremste eksportfylke, målt i eksport pr. innbyggar, og vi bidreg til enorm verdiskaping i eige fylke, og elles i landet. Likevel sit vi no på nordvestlandet og opplever at når midlar skal fordelast, så er det mellom austlandsfylke, i staden for å bidra til vekst i næringsrike område, som er avhengige av at ferjer, buss og hurtigbåtar tek oss til bustadar, arbeidsplassar og til flyplassane i fylket.

Medan dette skjer i Møre og Romsdal høyrer vi i nyheitene om Follobanen, til ein kostnad på 37 mrd vert prioritert, fordi pendlarar kan spare 11 minutt på reisa til Oslo. Når nytt regjeringskvartal skal kostast til snart 50 mrd, så skal det leggast om veg i Oslo til den nette sum av 3,1 mrd. Samtidig må vi i Møre og Romsdal legge ned ferjeruter, så vi ikkje kjem oss heim på kvelden når flyet er forsinka.

Reversregjeringa kostar Møre og Romsdal enorme summar, fordi dei prioriterer å løyse opp fylker, i staden for å bygge dei fylka vi har til sterke, gode tenesteleverandørar. Når skal regjeringa byrje å sjå framover, bygge heile landet, og spele på lag med næringslivet, bulysta og framtida?

Av Pål Farstad, fylkesorførarkandidat Møre og Romsdal Venstre, Lena Landsverk Sande, andrekandidat og ordførar i Vanylven, Frank Stenløs, tredjekandidat, Kari Grindvik, fjerdekandidat og Annika Brandal, femtekandidat og varaordførar i Hareid

Publisert: 02.03.2023 12:34

Sist oppdatert: 02.03.2023 12:43

Mer om