Skal Sogn og Fjordane delast ut til trengande
Synspunkt

Skal Sogn og Fjordane delast ut til trengande?

Å stå med hua i handa skal vi gjera i visse høve. Men når det viktige, det du har tru på og som du er glad i står på spel, ja då skal nevane, om enn i overført betydning, nyttast til heilt andre ting!

03.12.2015
Kommunereforma som regjeringa vår har sett i gang er viktig! Vi blir her utfordra på mange område, alt frå synet vårt på dei i nabokommunen, på kva vi har og ikkje vil dela, og ikkje minst på eigen identitet. Det viktigaste er at gjennom reformprosessen skal vi ta stilling til kva strukturar, altså kva einingar som vil vera best rusta til å ivareta det samfunnet vi vil ha i framtida. Ein naudsynt, viktig og ikkje minst innfløkt diskusjon som gjeld oss alle.
Jørgen Amdam – Møreforskar – er ein av dei som har kika inn i kula si og sett at vårt fylke er eitt av dei som bør avviklast. Amdam byr fylket vårt generøst fram og vil dela oss mellom fylka nord og sør for oss. Og fylkesordførar Jon Aasen i Møre og Romsdal er romsleg nok til å ta i mot Nordfjord. Samfunnsansvarlege politikarar i vestlandshovudstaden har lenge sett langt etter ein koloni rundt landets vakraste fjordar. Har det vore av omsorg for oss som bur her? Neppe!
Bjørn Hollevik er ein av våre eigne som alt har bestemt seg for å avvikle heimfylket sitt, høyrer eg. Han forklarar heldigvis til dei av oss som treng det at det ikkje er FYLKET han vil leggje ned, men fylkeskommunen. Det var no endå godt! Han tek likevel ansvar for intern strid mellom byar og regionar - med flyplass opp mot kyststamveg som siste eksempel. Lenger nord har vi endeleg fått lagt bak oss ein langvarig og utarmande strid rundt framføringa av E 39 - om kor brua skal plasserast. Eit flott og etterlengta utviklingstiltak til tallause millionar endar opp som vondt blod mellom grannar. I folkerike Sogn vil vi helst ha fleire lokale medisinske sentra, i alle fall ikkje eitt!
Intern strid pregar diverre altfor ofte det politiske ordskiftet. Lista er lang over saker der politikarane har valt å jobba fram splid. Eg forstår ikkje kvifor politikarane tek på seg dette ansvaret. Eg kan ikkje sjå at dette tener innbyggarane i fylket heller. Det manglande samarbeidsklimaet slike kampar fører med seg blir i neste omgang kjærkomne argument mot tettare kommunale samarbeid og etablering av meir slagkraftige kommunar.
Det fylket vårt treng og fortener er samarbeid og politisk fellesskap rundt utviklinga av dei fantastiske ressursane våre, om det no skulle vera næringsliv, natur eller den kunnskapsrike ungdomen vår. Det er mange nok utafor fylkesgrensene som vil dra ned gardinene og slå av lyset hjå oss.
Attende til kommunereforma – kva dreiar den seg eigentleg om? Jau, om korleis vi vil ha det i framtida.
Om korleis innbyggarane skal få dei tenestene dei har trong for.
Om korleis vi skal gi våre born og unge ein god start på livet.
Om korleis vi skal klara å hjelpa dei som har vanskar i livet – om det gjeld tiltak innan barnevern, barnehage, på vidaregåande skule eller dei med sviktande helse.
Om korleis vi klarar å gi det mangfaldige næringslivet vårt rammevilkår som sikrar vekst og utvikling.
Om korleis vi klarar å forvalte økonomien vår til fellesskapet sitt beste.
Det er summen av dette vi kallar velferds-Norge – og som skal gi oss svar på korleis det nye kommune-Norge bør sjå ut.
I Sogn og Fjordane er vi få innbyggarar som bur i 26 småkommunar med eller utan bystatus i eit STORT fylke. Er denne strukturen ei viktig årsak til at vi som bur her i stor grad har det bra? Truleg er det slik, men utviklinga er truande. Vi blir stadig færre relativt sett, småkommunane misser innbyggarar og inntektsgrunnlaget for å drifta noverande struktur sviktar. Det er kort mellom nedlegging av grendaskular. Den kommunale armoda blir stadig tydlegare.
Det STORE spørsmålet blir då: Skal vi venta på at fylket vårt blir delt ut som almisser til kringliggjande fylke, eller har vi verdiar vi ynskjer å ta vare på og som andre kan få ta del i? Vi er rett nok fattige på storbyproblematikk, men hovudbiletet er at fylket vårt er rikt – svært rikt.
Litt fakta:
Vi har nærast full barnehagedekning – og born frå andre land og kulturar nyttar heldigvis dette tilbodet langt meir enn i resten av landet.
Vi har best resultat i grunnskulen i landet, og sjølvsagt er borna i skulemiljø med lite mobbing.
Våre ungdomar er dei i landet som i størst grad fullfører vidaregåande opplæring.
Vi har færrast arbeidsledige i landet, lågt sjukefråvær og låg uføretrygding.
Vi har effektive eksportnæringar og veksande kreative etablerarmiljø.
Vi lever godt og lenge, har lett for å lage born og held oss stort sett utanfor fengselsmurane.
Vi er ikkje best på alt, men vi er best på mykje av det som er viktig. Er det då merkeleg at Sogn og Fjordane er så ettertrakta at nokon meiner vi må delast ut til fleire? Sjølvsagt ikkje!
MEN - det fylket vårt har av verdiar for samtid og framtid er ei historie og ei sanning vi altfor sjeldan fortel og høyrer. Dei som representerer oss – dei folkevalde - høyrer vi høgt og klårt når slag skal stå om interne saker som kan splitta oss. Vi må passa oss så fylket vårt ikkje står fram som ein samlingsstad for bygdetullingar utan evne til å sjå over neste ferist. Det har verken vi eller fylket vårt fortent. Vi må alle stå fram som stolte over det flotte fylket, og aller mest treng vi rakrygga politikarar som er krye av fylket sitt, og som er offensive i debattane om framtida vår, utan hua i handa!
Skal Sogn og Fjordane delast? Det skal det vel ikkje! Tvert imot må langt fleire heller få ta del i våre sterke sider! La Bergen vera Bergen! Bergensarar har alltid vore mest opptekne av seg sjølve. Lat oss ikkje plaga dei med oss. Utan Bergen er Hordaland og Sogn og Fjordane meir like. Eg trur fylket vårt må bli større, og tenkjer at det er rart at det ikkje blir diskutert om Sogn og Fjordane kan vere sentrum for eit utvida fylke der nordhordalendingar og sunnmøringar kan få nyte godt av kvalitetane våre, og som også kan tilføre oss kvalitetar vi har mindre av!
Det viktige er å avgjera kva vi ynskjer å ta vare på for framtida. Vi skal uansett ikkje delast ut til trengande! Vi kan tilby fleire ein del av våre kvalitetar, kvalitetar som det er underskot på og som vil veksa i verdi: natur, fornybar energi og det viktigaste av alt - gode oppvekstvilkår for born og ungdom.
Kom igjen folkens, vi må innta ein langt meir offensiv holdning til dette enn det vi har sett til no!

Publisert: 03.12.2015 11:50

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41