Alfred bjorlo foto privat 11
SKATTEKRITIKK: Alfred Bjørlo er stortingsrepresentant for Venstre og medlem i Næringskomiteen. Foto: Privat
Synspunkt

Skattepolitikk = næringspolitikk

Skattepolitikk er næringspolitikk. Og om ikkje vår nye næringsminister skulle klare det kunststykket å få vår finansminister til å forstå det, så er det beste svaret for norsk næringsliv ei ny regjering, skriv Alfred Bjørlo (V).

21.05.2024

«Det er mer skattepolitikken enn næringspolitikken. Jeg opplever at næringspolitikken har vært mer fremoverlent og aktiv enn på lang, lang tid.»

Slik svarar vår nye næringsminister Cecilie Myrseth (Ap), når Altinget i eit intervju 8. mai konfronterer henne med at regjeringa blir skulda for å føre ein «næringsfiendtleg» politikk.

Og slik demonstrerer også næringsministeren kva som er hovudproblemet med Ap/Sp-regjeringa for norsk næringsliv: Det er ei regjering der kvar statsråd styrer med sitt. Og omsynet til bedrifter og næringsliv står langt nede på dagsorden for dei fleste av dei – herunder finansministeren.

Det ER næringspolitikk
For skattepolitikk ER næringspolitikk.

Når denne regjeringa i praksis har dobla eigarbeskatninga for norske private bedriftseigarar, har innført uforståelege og heilt uventa nye straffeskattar på tilsetjing av arbeidstakarar med høg utdanning (ekstra arbeidsgivaravgift på høge lønningar), innført nye særskattar på grøne næringar som vasskraft og vind samtidig som oljeindustrien blir løfta fram med milliard-støttepakkar og no også varslar ein ny exit-skatt for å stoppe kapitalflukta ut av Noreg regjeringa sin øvrige skattepolitikk har ført til – så ER det næringspolitikk. Uansett om det ikkje er på næringsministeren sitt konstitusjonelle område.

På same måte som det er næringspolitikk når arbeids- og sosialministeren strammar inn innleigereglane slik at tusenvis av sjølvstendige konsulentar misser jobben og må legge ned einmannsbedriftene sine, eller når helseministeren vil ha private aktørar ut av velferden.

Regjeringa sin politikk virkar
Og no – i Revidert Nasjonalbudsjett 2024 – ser vi at denne politikken virkar.

For eitt år sidan spådde Finansdepartementet at investeringane i norske bedrifter på fastlandet skulle auke med 2 prosent i 2024. No er den prognosen snudd på hovudet: Finansdepartementet ventar no eit fall i bedriftsinvesteringar på fastlandet på 2,6 prosent. Og eit endå større fall neste år, med 3,4 prosent.

Så ja: Regjeringa sin politikk virkar. Og skattepolitikk er næringspolitikk. Og om ikkje vår nye næringsminister skulle klare det kunststykket å få vår finansminister til å forstå det, så er det beste svaret for norsk næringsliv ei ny regjering og eit sterkast mulig Venstre på Stortinget etter valet i 2025.

Dette innlegget sto først på trykk i Altinget.no.

Publisert: 21.05.2024 13:17

Sist oppdatert: 24.05.2024 10:17

Mer om