Som medlem i Arbeidarpartiet er eg skuffa over at partiet mitt ikkje vil gå inn for bygging av Stad skipstunnel. For oss som bur og arbeider langs vestlandskysten, handlar dette ikkje berre om politiske prioriteringar – det handlar om tryggleik og respekt for sjøfolka som må passere denne stormfulle halvøya.
Eg har mange gongar ført båt rundt Stad i dårleg vêr. Eg veit kva krefter som rår der ute. Det er ikkje teori eller tal i ein rapport – det er erfaring. Mine skipperkollegaer fortel det same, og det er vi som kjenner dette havstykket best.
Det som skuffar mest, er at denne motstanden kjem frå mitt eige parti.
Stad skipstunnel er ikkje sløsing med fellesskapets pengar. Det er eit avgjerande tiltak for å eliminere risikoen på det farlegaste havstykket vi har langs kysten. Ved Kråkenes fyr, like ved Stad, blir det målt flest stormar på kysten gjennom året. Klimaforskarar åtvarar om at stormane vil bli endå sterkare i åra som kjem. Då burde svaret vere opplagt: Vi må gjere ferdselen tryggare.
I dag må fartøy ofte vente på betre vêr for å passere Stad. Det kostar mykje pengar, skaper uvisse og svekkjer konkurransekrafta til næringslivet.
Ein kan òg spørje kva som hadde skjedd dersom ei rekkje vogntog kom til eit punkt på vegen der dei måtte stoppe og vente eitt døgn eller to. Det hadde sjølvsagt blitt ramaskrik.
Arbeidarpartiet er likevel tydelege på kva dei vil med sjøtransporten.
Under kapittelet «Sjøtransport» skriv partiet: «Arbeiderpartiet vil ha en miljøvennlig sjøtransport for arbeidsplasser og næringsliv langs kysten, og mer godstransport over frå vei til sjø.»
Stad skipstunnel er heilt avgjerande for at skipstrafikken skal ha god nok regularitet til å nå dette målet.
Og eg veit godt at ein seglas i smult farvatn fører til mykje mindre CO₂-utslepp enn ein seglas i motvind på opprørt hav.
For meg handlar dette òg om tillit. Eg har hatt tru på Arbeidarpartiet som eit parti for verdiskaping og nødvendig infrastruktur. Difor er det vanskeleg å forstå at partiet no stiller seg på sidelinja i ei så viktig sak for kysten.
Spørsmålet er ikkje om vi har råd til å byggje Stad skipstunnel. Spørsmålet er om vi har råd til å la vere.
Eg forventar at partiet snur i denne saka.
Publisert: 06.04.2026 12:24
Sist oppdatert: 06.04.2026 12:24






