Jenny Klinge foto Sp
MINDRETAL: Jenny Klinge og senterparti-kollegaene på Stortinget har ikkje skifta syn om å flytte Giek/Eksportkreditt ut av Oslo, men har stortingsfleirtalet mot seg. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Synspunkt

Sp vil ha Eksportfinans til Vestlandet

Det er Helge Ortens parti (H) og dei andre regjeringspartia som sviktar Vestlandet i spørsmålet om Giek/Eksportfinans-lokalisering, skriv Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet i Møre og Romsdal.

18.03.2021

Det er mange saker som kan koma skeivare ut i media enn det er grunnlag for. Så også med saka om lokaliseringa av GIEK og Eksportkreditt, som skal bli til det samanslåtte Eksportfinans.

Senterpartiet har gått inn for at dette viktige miljøet for eksportnæringane skal lokaliserast på Vestlandet, og dette har vi ikkje snudd om. Men vi innsåg at dei arbeidsplassane dette er snakk om, og som frå regjeringa si side var tiltenkt Groruddalen, er viktige for nettopp Groruddalen. Derfor ville vi tenkje to tankar på ein gong – eksportfinansieringa til Vestlandet, der denne strengt tatt høyrer naturleg heime, og flytting av andre offentlege arbeidsplassar til nettopp Groruddalen, som har eit behov for og no også ei forventning å få tilført slike. By og land hand i hand slike berre Senterpartiet kan.

Sylvi Listhaug frå Frp og Helge Orten frå Høgre er begge lyse, men gjorde seg høge og mørke overfor oss i Senterpartiet nyleg då ei Oslo-avis framstilte denne saka annleis enn det var grunnlag for. I avisa framstod det som om vi gjekk vekk frå planane om å lokalisere Eksportfinans til Vestlandet fordi vi ville ha arbeidsplassar til Groruddalen. Eg kommenterte dette til Sunnmørsposten og forklarte saka, men Listhaug og Orten ville heller stole på denne avisa frå Oslo, og trudde Senterpartiet hadde svikta Vestlandet.

Det er deira sak, men det er trist for lesarane. Fordi poenget er nemleg at det er Ortens parti saman med dei andre regjeringspartia som sviktar Vestlandet i denne konkrete saka. Dei vil absolutt ikkje ha Eksportfinans til Vestlandet og potensielt Ålesund. Og deira syn har fleirtal på Stortinget.

Senterpartiet på vår side ber regjeringa utgreie og velje ein modell og ei lokalisering på Vestlandet som best tener eksportmiljøa langs kysten og i landet for øvrig. Samtidig ber vi regjeringa avvente samanslåinga av Giek og Eksportkreditt til det blir forsvarleg ut frå koronakrisa å velje ei løysing for å lokalisere hovudkontoret utanfor Oslo i tråd med føringane for lokalisering av statlege arbeidsplassar.

Dei som bør koma skeivt ut i denne saka er ikkje Senterpartiet, men heller dei partia som ikkje anerkjenner dei gode argumenta som finst for å lokalisere nye Eksportfinans i den regionen der svært mykje eksportretta aktivitet skjer.


Publisert: 18.03.2021 14:16

Sist oppdatert: 18.03.2021 15:39