Borgstein-konsernet fekk eit nytt solid overskot i 2024, viser den ferske årsrekneskapen. Resultatet før skatt enda på knappe 162 millionar, som er nest høgst for konsernet dei siste fem åra.
Finansinntektene på 165 millionar bidrog vesentleg til det positive resultatet.
Styret skriv i årsmeldinga at dei er nøgd med resultata frå drifta i konsernet.
Lønsemda for fjoråret når likevel ikkje opp til rekordåret 2023, då ekstraordinære inntekter og sal av aksjar bidrog til eit resultat før skatt på nær 470 millionar kroner (sjå tabell under).
| Borgstein AS (konsern) | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 72 | 61,1 |
| Driftsresultat | 30,2 | 16,4 |
| Resultat før skatt | 161,8 | 468,4 |
Eigenkapital på 1,2 milliardar
Borgstein er eigd 20 prosent kvar av søskena Morten Ulstein, Svein Idar Ulstein, Henning Ulstein, Håvard Ulstein og Ingunn M. Ulstein Botnen.
Forutan Island Offshore-medeigarskapet er konsernet også medeigarar i riggselskapet Island Drilling Company. I tillegg driv dei med eigedom.
Heile overskotet på nær 62 millionar kroner frå i fjor, vart overført til eigenkapitalen.
Eigenkapitalen i konsernet var på 1,2 milliardar ved utløpet av året. Den langsiktige gjelda var på nær 700 millionar.
Betring for offshore
Borgstein-styret skriv i årsmeldinga av situasjonen for dei skipseigande selskapa i offshore og supply, har betre seg vesentleg i 2024 og 2025.
Ratane er høgare, båtane er meir i arbeid og selskapa har god ordredekning.
Samla har det gitt betring i resultata frå drifta.
Tap på rigg i fjor - Eqinor-oppdrag neste år
Island Drilling Company hadde betydelege tap på drifta i 2024, og selskapet leverte eit minus på nær 50 millionar amerikanske dollar.
Borgstein-styret skriv i årsmeldinga at dei ikkje var nøgd med likviditeten i riggselskapet ved utgangen av 2024, og det vart jobba med å styrke denne.
I år har riggselskapet sikra seg ein avtale om å plugge oljebrønnar for Equinor. Kontrakten til Island Innovator strekk seg over tre år, med oppstart tidleg i 2026. Oppdraget gir lysare utsikter for inntening og likviditeten framover, skriv styret.
Ser potensial for verdiskaping i eigedom
Når det gjeld marknaden framover, peikar Borgstein-styret på at konsernet står overfor både utfordringar og moglegheiter.
Dei peiker på usikkerheit knytt til internasjonal økonomisk utvikling, mellom anna for renta og valutakursane.
Samtidig vil konsernet halde fram å vurdere nye investeringar – og styret trekk spesielt fram eigedom – der dei ser eit «potensial for videre verdiskaping».
Publisert: 18.08.2025 16:45
Sist oppdatert: 18.08.2025 16:45






