Stad skipstunnel kjøde
SYMBOLSAK: Nei til skipstunnelen har blitt ei symbolsak for Arbeidarpartiet som tilslører større utfordringar, meiner tidlegare stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo. Illustarasjon: Kystverket
Synspunkt

Stad Skipstunnel: Ap-elitens lynavleiar

Ap-eliten i Oslo må finne seg i at det også finst eit Noreg vest og nord for fjella, skriv Alfred Bjørlo.

15.05.2026

Det har blitt eit mønster.

Kvar gong Statsminister Støre og Finansminister Stoltenberg skal snakke om «ansvarleg pengebruk», dreg dei fram det same prosjektet: Stad skipstunnel. Dette éine, relativt rimelige samferdsleprosjektet på Vestlandet har blant Ap-toppane og Oslo-eliten elles blitt sjølve symbolet på sløsing, seinast i DN 14. mai.

Det er ikkje berre tøveprat. Det er ein lynavleiar.

La oss ta fakta først.

Stad skipstunnel er ei tydeleg avgrensa éingongsinvestering som er langt billigare enn dei fleste større veg- og jernbaneprosjekt på det sentrale Austlands-området, og heller ikkje bind opp framtidige investeringar for å kunne ta ut prosjektnytten (slik som t d å bygge delstrekningar på Intercity eller motorvegar). Samtidig viser tal frå Samferdselsdepartementet at ei rekke veg- og jernbaneprosjekt – mange av dei på Austlandet – har dårlegare samfunnsøkonomisk lønsemd enn Stad Skipstunnel.

Likevel går desse prosjekta vidare, med Ap-toppane si heilhjarta støtte. Stad skipstunnel derimot, skal stoppast, med høgast mulig medieprofil.

Kvifor?

Fordi det er lett. Det er langt frå makta, det gjeld næringar og ei transportform (sjøtransport) som mange i Oslo-bobla ikkje kan så mykje om, og det skaffar deg goodwill blant kommentariatet i Oslo-gryta, blant dei Oslo-utdanna og Oslo-busette byråkratane i Finansdepartementet – ja, til og med hos Sløseriombudsmannen langt inne i dei djupe skogane i Østerdalen.

For meg er dette grenselaust provoserande.

Stad skipstunnel handlar om tryggleik i eit av dei mest vêrutsette havområda på kysten, om meir stabile eksportleveransar for dei næringane vi skal leve av etter oljen, om mindre sårbarheit i framtidas forsyningslinjer og meir føreseieleg sjøtransport. Attpåtil med ei berekna samfunnsøkonomisk nytte som er betre enn i mange veg- og jernbaneprosjekt.

EU og Europa har for lengst forstått betydninga av kysten og havet, langt betre enn den norske Oslo-eliten. EU-kommisjonen la nylig fram ein eigen strategi med tilhøyrande handlingsplan for ei storsatsing på sjøtransport, maritim industri og hamner, fordi det er «a cornerstone of the EU economy.

I kystnasjonen Noreg er tilsvarande strategi over 10 år gammal, vi har ingen handlingsplan, og berre 3% av NTP er sett av til hamner, farleder og sjøtransport. Det vil Støre og Stoltenberg no kutte ytterlegare ned på. Midlane til Stad Skipstunnel skal ifølge Stoltenberg overførast til veginvesteringar: Eit klassisk forsøk på splitt og hersk som eg trur alle på Vestlandet gjennomskuar.

Samtidig veit både Støre og Stoltenberg utmerka godt at det reelle problemet i norsk økonomi ikkje handlar om ja eller nei til éingongsprosjektet Stad skipstunnel.

Den verkelege utfordringa for statsfinansane er at stadig fleire står utanfor arbeidslivet, at offentleg sektor veks raskare enn verdiskapinga og sakkar akterut i produktivitet, og at for mykje av ressursane går til løpande utgifter – ikkje investeringar som byggjer landet.

Det er mykje vanskelegare å gjere noko med. Då er det enklare å peike på eitt konkret prosjekt på kysten av Vestlandet, og late som om det er der problemet ligg.

Det er ein lynavleiar. No må ikkje Stortinget la seg lure. Støre og Stoltenberg må forstå at dei ikkje slepp unna med si stadig meir provoserande mobbing av Stad Skipstunnel. Kystfolket må for ein gongs skuld bli høyrt, ikkje latterleggjort, av dei som sit med makta.

Stad Skipstunnel må byggast. Det må skje no. Ap-eliten i Oslo må finne seg i at det også finst eit Noreg vest og nord for fjella, eit Noreg som vender seg ut mot havet og verda.

Alfred Bjørlo er dagleg leiar i Næringsstiftigna drivkraft,  tidlegare stortingsrepresentant for Venstre og tidlegare ordførar i Stad.

Publisert: 15.05.2026 12:01

Sist oppdatert: 15.05.2026 12:01