Strynefjellet riksveg 15 tunnel foto Wikimedia Commons 11
NY TUNNEL: Det blir jobba for ny tunnel over riksveg 15 på Strynefjellet. Foto: Wikimedia Commons
Synspunkt

Synspunkt: Strynefjellet må inn i NTP 2022-2033

Møre og Romsdal, Vestland og Innlandet, LO, NHO står samla i kravet om ny veg, då må regjeringa lytte og handle, skriv ein rekke lokalpolitikarar frå Ap.

Lokale AP-krefter går no saman og vil jobbe inn i mot den endelege handsaminga i Stortinget. Kravet er at RV15 Strynefjellet med arm til Geirangar må inn i NTP 2022–2033.

Ny tunnel vil erstatte dei 40 år gamle, smale, usikre og bratte tunnelane, med ny heilårsopen, trygg og rassikker veg over fjellet mellom aust og vest. Vegen er avgjerande for at vi har bedrifter og arbeidsplassar her vi bur, då er det skuffande at regjeringa med Høgre i spissen, ikkje vil prioritere den.

Konsept B1 mellom Skåre-Breidalen vart vedteke i juni 2018, mesteparten av vegen skal gå i tunnel. Det gir kort planleggingstid og ein kan gå rett på detaljregulering. Målet er å få vegen inn i første periode med gjennomføring innan 2025.

Vi meiner at dagens vegstandard og dei mange stengingane vinterstid, medfører ein stor avvisingseffekt. På grunn av bratt stigning, fare for stenging og risiko for skade på køyretøy, vel mange å nytte alternative ruter. Næringslivet i dei nærliggande kommunane skapte i 2016 verdiar for 73 mrd. Mange av bedriftene tapar i dag store summar på å køyre lange omvegar.

Trafikkgrunnlaget er langt større enn dagens tal syner. I og med Eiksundsambandet, ny tunnel Ørsta-Volda og Kvivsvegen, vil ny tunnel over Strynefjellet gje store positive ringverknader for Søre, indre og midtre Sunnmøre, Nordfjord og Ottadalen.

Eksisterande tunnelar er i tillegg særs risikoutsette ved brann. Ansvarleg brannsjef seier det er sjølvberging som gjeld, naudetatane kan ikkje gjere anna enn å rydde opp i etterkant. Konsekvensane av ein bussbrann i turistsesongen vil vere katastrofale.

100 000 innbyggjarar, det mest produktive næringslivet i landet og ikkje minst verdsarvområdet Geiranger, treng ny veg no.

Per Vidar Kjølmoen – 1.kandidat og leiar Møre og Romsdal Ap Åse Kristin Ask Bakke – 2.kandidat Møre og Romsdal Ap Torbjørn Vereide – 1.kandidat Sogn og Fjordane valkrins, Vestland Ap Rune Støstad – 2.kandidat Oppland valkrins, Innlandet Ap, Ordf Nord-Fron Janne Øvrelid – Leiar Hareid Ap Hanne Notøy – Leiar Ulstein Ap Svein Gjelseth – Leiar Herøy Ap Camilla A Vik – Leiar Sande Ap Karen Høydal - Leiar Ørsta Ap Sverre Leivdal – Leiar Volda Ap

Publisert: 06.04.2021 11:20

Sist oppdatert: 27.05.2021 12:14

Mer om