Superdaarleg fisk fraa Norge i fiskediskane hos forbrukarar i Storbritannia
Synspunkt

Superdårleg fisk frå Norge i fiskediskane hos forbrukarar i Storbritannia

Det var med sjokk, sinne og fortvilelse eg observerte norsk hyse, attpåtil med norsk flagg og norgeslogo, i fiskedisken til fleire av dei engelske supermarkedkjedene forrige veke. 

Fersk fisk var så dårleg i enkelte diskar at det var umuleg å ha lyst til å kjøpe. Blaut, misfarga, spalta og oppløyste fiskestykke, ja nærmast uspiseleg.
Fisken var høgt prisa, i enkelte tilfelle høgare enn nydelege lakseprodukt.
Det er ikkje sjømatnasjonen Norge verdig.
Vi var på kundebesøk i Grimsby der vi fekk opplyst at over lengre tid har produsentar avvist masse fisk frå Norge, ja nærmast gjennom heile sommaren, ubrukeleg råstoff. Skremande er det, rett og slett.
Det er i alle fall ein klar samanheng mellom fisket som har vore omtala i sommar/ haust, diverse bilder som er vist av fersk landa fisk av dårleg kvalitet.
Desse partia har altså nådd fiskedisken, altså forbrukarane/ kundane våre, med det norske flagget på. Legg ved bilde frå ein av diskane, og dette var langt ifrå det verste vi såg.
Vi er oppbrakte, frustrerte og nærmast i sjokk etter opplevinga. Korleis kan vi bygge «Norge», auke prisane, få betre inntekter til Norge når vi leverer slike produkt?
Fra markedet får vi stadig høyre at islendingane er suverene på behandling av fisk og at russerane har forbetra seg voldsomt dei siste åra. Vi må strebe etter å vere best, vi kan ikkje bli forbigått av våre naboar.
Fiskeriminister Per Sandberg uttalar at vi skal doble, tredoble, firedoble eksportverdien av Norsk Sjømat nærmaste åra, sjølvsagt då supplert med å ta vare på heile fisken (bifangst og avfall).
Prisauke på fisk får vi gjennom lang tids markedsarbeidarbeid og kvalitetsheving hos alle flåtegrupper. All erfaring tilseier at kun kvalitetsvarer gir betre pris og omdømme av norsk fisk er det viktigaste.
Vi som driv linefiske, jobbar med den fersk frosne sprell levande fisken frossen om bord som oppnår best pris i alle markeder, fekk oss virkelig ein «trykk seksten» i fleisen. Det vi opplever slår nærmest beina under sjølve fundamentet vi har som norsk fiskar og fiskeeksportør, og ikkje minst som ambassadørar for norsk fisk i utlandet.
Som linefiskar er det også heilt uforståeleg at ferskfiskordninga, auka hysekvoter, ja nærmast frie hysekvoter m. m. genererer og stimulerer til slikt fiskeri.
Dette er ein svært dårleg måte å auke eksportverdien av norsk fisk i framtida.
Paul Harald LeinebøLeinebris AS/PHL Seagold AS

Publisert: 15.09.2016 11:24

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41