SV vil ha nasjonal kontroll over krafta vår
SV vil stoppe bygging av kraftkablar til utlandet, og melde Noreg ut av EU sin energiunion, skriv Birgit Oline Kjerstad, stortingskandidat for SV i Møre og Romsdal og Erling Outzen, leiar i Sunndal SV.
LO sin regionkonferanse i Trøndelag har vedtatt 11 krav til raudgrøn politikk ved stortingsvalet i 2021. Mellom desse er:
- Stans North Connect straumkabelen – norsk kraft til norsk industri.
- Nei til norsk deltaking i EU sin energiunion ACER – allereie fatta vedtak om ACER må reverserast.
Vi i SV i Møre og Romsdal er heilt samde med fagrørsla i dette. Med ein sterkt auka overføringskapasitet i form av nye utanlandskablar for krafteksport vil vi bli heilt integrerte i den internasjonale kraftmarknaden. Der kraftprisane er langt høgare enn her. Vi mistar den nasjonale kontrollen, og det blir vanskeleg eller umuleg å få til ei nødvendig re-regulering og politisk styring av kraftforsyninga.
Dette kan få negative verknader for den kraftforedlande industrien og dei mange arbeidsplassane og lokalsamfunna i distrikta som er avhengige av denne industrien. Som Sunndal her i fylket, der det største aluminiumsverket i Europa ligg.
Fri flyt av kraft mellom Noreg og utland med langt høgare kraftprisar vil kunne føre til ei prisutjamning, det vil seie høgare kraftprisar her i landet. Det vil både industrien og vanlege forbrukarar tape på. Vi har «kraftkrevjande» industri her i landet fordi vi har rikeleg og rimeleg kraft. Dette konkurransefortrinnet må vi ikkje skusle bort. Men det er nettopp det som fort kan skje når stortingsfleirtalet har knytt oss til EU sin energiunion ACER.
EU si «Energimarknadspakke 3» er spesielt kjent for den rolla EU sitt energibyrå ACER har fått i Noreg, og er eitt av mange inntak av EU sine lover og EU si myndigheit gjennom EØS-avtalen.
Det er avstått suverenitet til EØS-tilsynet ESA, som iverksett vedtak frå EU-organ som ACER. Kvar gong dette skjer, blir det påstått at overføringa av makt er så lita at det ikkje er noko problem. Men dette er «salami-taktikk», kvar skive som blir skore vekk av pølsa er tynn. Men til slutt er heile pølsa borte. Og pølsa i denne samanhengen er norsk sjølvråderett, også på det for Noreg avgjerande viktige området kraftforsyning og kraft-pris.
Derfor er det at SV i Møre og Romsdal på det sterkaste støttar kravet frå fagrørsla om nei til enda fleire utanlandskablar for krafteksport og ut av ACER.
SV vil ha nasjonal kontroll over krafta vår.
Publisert: 22.02.2021 07:38
Sist oppdatert: 23.02.2021 22:02