Svindyre ferjer
Synspunkt

Svindyre ferjer

Svindyre ferjer, og likevel kuttar Sp og Ap ferjedrifta her i fylket med 20 millionar kroner, kuttar ferjeavganger på dei fleste rutene her i fylket frå nyttår, bortsett frå dei ferjerutene som går til «Sp sine venner», skriv Frank Sve i dette innlegget.

14.12.2020
313,5 millionar kroner i overskot i fylket, 150 millionar til oprera og 200 millionar til bypakke Ålesund.
At det er mulig å prioritere bruken av ei smekkfull lommebok i fylkeskommunen så haudelaust som det Sp og Ap gjer her i fylket, er faktisk rett vanskeleg å begripe.
FrP gjer det vi kan for å prioritere ferjedrifta med framlegg om nedsett takstar og styrka ferjetilbod. Problemet er berre at innbyggjarar her i fylket har stemt inn eit fleirtal av Sp, Ap, SV, KrF, Venstre og MdG - eit politisk fleirtal styrt av Ap og Sp, som tydeligvis ser si hovudoppgåve her i fylket å byggje bompengepakkar og Opera i byane.
Så blir det verkeleg interresant å sjå kva som blir det neste stuntet til Ap og Sp, for å straffe alle som er avhengige av ferjer her i fylket.
No innfører dei Autopassdirektivet, som aukar bilprisene på ferjene med 32 prosent. Desse to partia med 313,5 mill kroner i overskot i fylkeskommunen, har tydeligvis bestemt seg for å ramme ferjedrifta mest mulig.
Kva skal ein seie?
«Alle skal med, i kampen for dyrare ferjer og færre ferjeavgangar, stol på oss i AP og SP»
Nok er nok, kor lenge skal Sp og Ap få halde på med å byggje ned ferjetilbudet, eit ferjetilbud med anbud med nullutsleppsfartøy som fylket vedtok med opne armar.
Frank Sve er også gruppeleiar og 2. kandidat til Stortingsvalget for Møre og Romsdal FrP. Dette innlegget var først publisert av avisa Nordre.
FrP gjer det vi kan for å prioritere ferjedrifta med framlegg om nedsett takstar og styrka ferjetilbod

Publisert: 14.12.2020 16:24

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42