Gründermeldinga: Var dette alt??
Regjeringas nye «Stortingsmelding om gründere og oppstartsbedrifter» må vere eitt av dei største mageplaska nokosinne, skriv Alfred Bjørlo (V).
Regjeringas nye "Stortingsmelding om grundere og oppstartsbedrifter" må vere eitt av dei største mageplaska nokosinne. Meldinga er fullstendig blotta for ny politikk, handlekraft og vilje til å gjere Norge til eit betre land å vere gründer og bygge bedrifter i. Eg veit nesten ikkje om eg skal le eller gråte.
Tusenvis av folk frå næringslivet over heile Noreg har stilt opp på høyringsmøte og sendt innspel i oppriktig tru på at regjeringa vil lytte til kva dei har å seie. Felles for nesten alle innspela er at folk er fortvila over ein gründerfiendtleg skatte- og næringspolitikk som gjer at gründerar og investorar rømmer frå Noreg.
No får dei klar beskjed frå regjeringa: Ingenting vil bli endra – alt blir som før – og skattepolitikken til regjeringa står fast utan endringar.
Av dei såkalt 53 «konkrete» tiltaka er det 10 vurdere, 7 styrke, 6 legge til rette, 5 samarbeide om eit eller anna diffust, 4 videreutvikle og 1 av kvar av kartlegge, gå gjennom, videreføre, evaluere, legge frem , utarbeide etc.
I tillegg er det fleire gamle løfte og tiltak som blir resirkulert som nye (bra med sirkulærøkonomi, sjølvsagt, men det får vere måte på)
Vi i Venstre, Norges Liberale Parti har lagt fram vår eiga gründermelding med 50 konkrete tiltak for faktisk å gjere Noreg til det beste landet i verda å starte og drive bedrift i. Det handlar om å skrote den nye exit-skatten, kutte særnorske skattar på norsk eigarskap, betre opsjonsordningar, ein meir fleksibel arbeidsmarknad og betre permisjonsordningar og sosiale rettar for gründerar.
Denne meldinga blir berre endå viktigare no og vi håpar på fleirtal i Stortinget. Det aller viktigaste norske gründerar treng no, er ei ny regjering med Venstre ved rattet i næringspolitikken.
Den kanskje mest ærlige dommen over grundermeldinga kjem forresten regjeringa med på side 118: «Det er ikke foretatt en fullstendig samfunnsøkonomisk analyse av de samlede tiltakene som foreslås i denne stortingsmeldingen. Mange av tiltakene har ingen, eller begrensede administrative konsekvenser, og vil kunne dekkes innenfor gjeldende budsjettrammer i de berørte departementene.»
Eller for å seie det på ein annan måte: Alt vil bli som før. Og DET skaper ikkje den framtida vi treng.
Av stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V)
Publisert: 01.11.2024 19:18
Sist oppdatert: 01.11.2024 20:34