Synspunkt
- Vi må legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne kan delta i samfunnet
- Vi må sjå mogelegheitene, men vi kan ikkje tvinge menneske med nedsett funksjonsevne til å gjere ting dei ikkje kan.
05.05.2020
Rådet for personar med nedsett funksjonsevne i Møre og Romsdal fylkeskommune hadde møte sist veke. I møtet klarte vi å sette viktige utfordringar på sakskartet. Sakene vil bli sendt med vidare inn med den fylkeskommunale saksgangen, og rådet håper at innspela våre blir høyrt.
Saka vert no sendt vidare til samferdselsutvalet for vidare behandling, men vi håper og trur at vi kan klare å nå fram.
Vi må ikkje gå i fella og gjere det slik at enkelte sårbare menneske til dømes ikkje klarer å ta bussen. Det har vi sett døme på no i koronatida, at menneske slit med å møte til behandling på sjukehuset fordi dei gruer seg til å løyse billett på bussen på grunn av nye ordningar. Det er ekskludering, og det kan vi ikkje ha.
Vi må sjå mogelegheitene, men vi kan ikkje tvinge menneske med nedsett funksjonsevne til å gjere ting dei ikkje kan. Her må vi bruke tid, og vi må vere tolmodige.
Universell utforming, god digital infrastruktur, innføring av nye teknologiske løysingar, men og samstundes ei forståing for at ikkje alle grupper menneske kan bruke same teknologien, er viktige moment i rådet si tilbakemelding.
Det er representantar for ei stor gruppe menneske som kan ha behov for å bli høyrt inn i kommunale vedtak og tenester, og det vil vi arbeide for at dei blir kommunale råd skal bli høyrt og verdsett.
Siv Katrin Ulla, leiar for rådet for personar med nedsett funksjonsevneLeif Elde, nestleiar for rådet for personar med nedsett funksjonsevne og medlem i SAFO
Rabattordningar
Kvifor skal ikkje Møre og Romsdal fylkeskommune gje like gode rabattordningar på honnørbillettar som i resten av landet? I dag får ikkje personar som kan løyse honnørbillett, like gode tilbod på periodebillettar som i andre delar av landet. Slik kan vi ikkje ha det.Saka vert no sendt vidare til samferdselsutvalet for vidare behandling, men vi håper og trur at vi kan klare å nå fram.
Offentleg transport under koronasituasjonen
Det kan ikkje vere slik at alle som har ein rullestol og ønskjer å ta buss, må ha med ein personleg assistent for å ta bussen. Vi ber administrasjonen og politikarane legge til rette for at ein må få hjelp med rullestolen som vanleg, også under koronasituasjonen. Elles har ein ikkje eit reelt tilbod til denne gruppa menneske.Vi må ikkje gå i fella og gjere det slik at enkelte sårbare menneske til dømes ikkje klarer å ta bussen. Det har vi sett døme på no i koronatida, at menneske slit med å møte til behandling på sjukehuset fordi dei gruer seg til å løyse billett på bussen på grunn av nye ordningar. Det er ekskludering, og det kan vi ikkje ha.
Vi må sjå mogelegheitene, men vi kan ikkje tvinge menneske med nedsett funksjonsevne til å gjere ting dei ikkje kan. Her må vi bruke tid, og vi må vere tolmodige.
Nasjonal Transportplan (NTP)
Rådet behandla også saka med innspel til NTP (Nasjonal Transportplan) 2022-2033, og peikar på kor viktig det er at dei tiltaka som blir prioritert blir bra for alle.Universell utforming, god digital infrastruktur, innføring av nye teknologiske løysingar, men og samstundes ei forståing for at ikkje alle grupper menneske kan bruke same teknologien, er viktige moment i rådet si tilbakemelding.
Kommunale råd må bli høyrt og verdsett
Ei anna viktig sak i møtet var å be administrasjonen om å sende ut ei undersøking til dei kommunale råda i Møre og Romsdal, i tillegg til administrasjonane i dei same kommunane, for å sjå korleis vi kan vere med og løfte arbeidet og statusen til dei rådgjevande organa. Dette er lovpålagt arbeid, og vi ønsker at dei som er med i slike kommunale råd skal bli høyrt og verdsett.Det er representantar for ei stor gruppe menneske som kan ha behov for å bli høyrt inn i kommunale vedtak og tenester, og det vil vi arbeide for at dei blir kommunale råd skal bli høyrt og verdsett.
Siv Katrin Ulla, leiar for rådet for personar med nedsett funksjonsevneLeif Elde, nestleiar for rådet for personar med nedsett funksjonsevne og medlem i SAFO
Publisert: 05.05.2020 16:17
Sist oppdatert: 11.02.2021 08:42