Diesel og bensinprise 23 mars 2026 foto Ogne
SNART 30 KRONER LITEREN? Drivstoffprisar på Nordvestlandet 23. mars 2026. Foto: Ogne Øyehaug
Synspunkt

Vi vil ikkje vente lenger, Stoltenberg!

Fjern vegbruksavgifta midlertidig, skriv stortingsrepresentant Harry Valderhaug (Krf).

23.03.2026

Uroa i Midtausten og krigen i Iran har sendt olje- og gassprisane kraftig opp. I Møre Nytt/Sunnmørsposten kan vi lese at for Vartdal Plast i Ørsta, som er heilt avhengig av transport, kan konsekvensane bli dramatiske.

Bedrifta sine bilar køyrer rundt 10.000 mil i månaden, noko som gir ei drivstoffrekning på opp mot ti millionar kroner, og den stig. 

– Auken er dramatisk, fleire millionar berre dei siste vekene. Vi er ved eit vippepunkt for næringslivet, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal til avisa. Han peikar også på aukande råvareprisar og dyrare frakt internasjonalt, noko som også slår inn i heile verdikjeda.

Samtidig aukar det politiske presset på regjeringa. 

KrF meiner situasjonen er så alvorleg at det krev strakstiltak.

Krf fremma derfor nyleg eit hasteforslag i Stortinget om å fjerne vegbruksavgifta på bensin og diesel. 

Vi vil fjerne vegbruksavgifta midlertidig. Det vil kutte bensinprisen med fem kroner og diesel med tre.

Krf ventar handling frå finansminister Jens Stoltenberg.

Næringslivet kan ikkje leve med desse prisane. Staten tener gode pengar på sal av norsk olje- og gass, i tillegg til avgiftene som aukar. No må vi få på plass kompensasjonstiltak for både vanlege folk og næringslivet.

Publisert: 23.03.2026 18:39

Sist oppdatert: 23.03.2026 18:39