Almgren ventar rekordvinter
BRØD, BOLLAR OG TUR: Uteguiden-grunnleggar Oscar Almgren er no også blitt bakerisjef. Skal forsyne kundane med eigen bakst etter tur og kurs.
Nytt

Almgren ventar rekordvinter

Har fleire bestillingar til turar og friluftskurs enn nokon gong. No er Uteguiden-gründeren også blitt bakerisjef.

08.12.2020

I februar kjem Uteguiden-sjef Oscar Almgren til å ha sju guidar i sving. I dag ser det ut til at dei kjem til å ha meir enn nok å gjere.

- Vi har aldri hatt så mykje booking som i år, seier Almgren.

Almgren etablerte Uteguiden på Stranda i 2012, og tilbyr kurs, guida turar og utstyrsutleige, mellom anna av ski og kajakkar. I 2018 vart selskapet kåra til årets reiselivsbedrift i Noreg og i sommar kom selskapet Valldal Naturopplevingar inn under Uteguiden-paraplyen. I 2019 hadde dei to selskapa ni millionar kroner i driftsinntekter.

Nordmenn tok over

Før koronapandemien var omlag halvparten av kundane til Uteguiden utlendingar. No er det 95 prosent nordmenn på kundelista og skredkurs er spesielt populære.

- Alle skredkurs er fullbooka i desember og januar, seier Almgren.

Han seier teoriundervisning i skredkursa blei flytta over på nettet etter at pandemien kom. Både når det gjeld kurs og guida turar ser Almgren at kundane gjerne tilhører ei familie eller ei gruppe som er saman også utanom tur eller kurs.

Det, saman med at det er snakk om utandørsaktivitet, gjer at det er aktivitetar med begrensa smittefare.

Startar bakeri

Det siste tilskotet til Uteguiden er kjøpet av Surdeigsbakeriet på Stranda, eit selskap som blei etablert i fjor og starta drifta i år. Poenget med kjøpet var å overta utstyret og også eit godt namn, seier Almgren.

Han rekna med at bakeriet vil få ei årleg driftsinntekt på omlag 400.000 kroner.

No er det han som er dagleg leiar, og ein Uteguiden-tilsett står for baksten. Bakeriet skal først og fremst levere bollar og brød til Uteguidens treffstad og kafé på Stranda.

Alle skredkurs er fullbooka i desember og januar

Publisert: 08.12.2020 06:00

Sist oppdatert: 02.06.2021 16:23