Kring 70 prosent av dei tilsette som jobbar i produksjonen til Valaker Bakeri & Konditori, har kome til bedrifta via ulike ordningar frå Nav.
Det fortalde dagleg leiar og medeigar Liv Valaker Røren under eit frukostmøte om inkluderande rekruttering i Ålesund denne veka.
– Vi har fått inn folk som føler at dei ikkje har lukkast tidlegare og kanskje har vore i praksisplass ved ein rekke ulike bedrifter, fortel ho til Nett No.
Bedrifta har i mange år vore bevisst på å rekruttere «utanfor boksen» og ho var mellom kandidatane til «Eldsjelprisen» då Fabelaktig Fredag blei arrangert første gong i fjor.
Viktig med tett oppfølging
For å halde på nye tilsette, meiner Valaker Røren det er viktig at bedrifta legg godt til rette og følgjer opp dei tilsette tett - spesielt dei første vekene.
Da har desse personane ofte enda opp med å få fast jobb.
– Eg trur dei opplever å bli sett på ein skikkeleg måte, og det gjer at dei blir veldig lojale medarbeidarar og blir lenge i bedrifta, legg ho til.
Valaker Røren fortel at dei fleste i bakeriproduksjonen har vore i arbeid hos dei i ti år, eller lenger.

Fleire med flyktningbakgrunn
Ettersom pågangen av norske ungdomar til bakarfaget har gått ned dei siste åra, har flyktningar vorte ei viktigare gruppe å rekruttere frå.
Fleire endar også opp med å ta fagbrev.
– Vi oppmodar dei til å ta fagbrev og hjelper dei om det er ønske om det. Då får dei også litt meir stoltheit og meir løn. Det er veldig gøy å sjå korleis dei opplever å lukkast her i landet, seier ho.
Opnar snart utsal nummer 15
Familiebedrifta har vekse kraftig dei siste åra, og omsette i 2023 for 90 millionar kroner.
Etter å ha samarbeida med Coop via Goman Nordvest i ei årrekke, selde familien seg ut av denne verksemda i fjor. Liv Valaker Røren fortalde under frukostmøtet onsdag at dei hadde ein avtale som gjorde at Goman måtte kjøpe dei ut, om familien ønska.
Då salet blei kjent fortalde Valaker Røren at dei ville konsentrere seg meir om si eige bedrift. I dag er dei oppe i 14 utsal over store delar av regionen og i mai opnar dei på Frogner i Oslo.
Ein rekke ulike bransjar representert
Temaet for frukostmøtet onsdag var Arbeidskraftløftet, eit felles samarbeid mellom NAV og NHO som har som mål å auke tilgangen på arbeidskraft.
På møtet var HR-ansvarlege frå ein rekke ulike bedrifter representert. Her var både verft, barnehagar og hotell for å få gode tips om korleis ein kan lukkast i rekrutteringsarbeidet.
Deltakarane fekk mellom anna presentert eksempel på korleis bedrifter har gått nye vegar i arbeidet.
Bakteppe for samarbeidet er at 6 av 10 bedrifter fortel at dei ikkje får tak på kompetansen dei ønsker, samtidig som fleire står utanfor arbeidslivet.
– Positivt for oss som bedrift og samfunnet rundt
Frydenbø Industrier er mellom bedriftene som slit med å rekruttere alle dei treng. Dei siste åra har dei difor satsa på å rekruttere unge – og spesielt personar med ulike diagnosar.
– Det er noko som både er veldig positivt for oss som bedrift og samfunnet rundt oss, fortalde HR-ansvarleg Inga Johansen.
Ho jobbar frå Ålesund for konsernet med hovudkontor i Bergen.
Bedrifta har også satsa på rekruttering av flyktningar som dei opplever er ei ordning som gir moglegheit til å delta i arbeidslivet, lære språk og få erfaringar i eit nytt samfunn.
Frukostmøtet er det første av ein serie med møter, som også blir arrangert i Molde, Kristiansund og Ørsta den næraste tida.
Publisert: 11.04.2025 05:00
Sist oppdatert: 11.04.2025 20:21






