Butikken berga: – No berre gler vi oss
Konkursmarerittet enda godt for Notabene i Ulsteinvik og fire andre butikkar. No går dei inn i nystarta kjede med lokal eigar.
NETT NO omtala tidlegare torsdag oppstarten av den nye minibokhandelkjeda som ålesundaren Harald Enersen startar opp i kjølvatnet av Notabene-konkursen.
Kjeda vil bestå av fem bokhandel og leikebutikkar på Moa i Ålesund, Blåhuset i Ulsteinvik, Moldetorget, Måløy og Vestnes.
Fekk vite om nysatsing før jul
Avgjersla om å satse vidare betyr at om lag 20 butikktilsette får behalde jobbane sine. Først hadde dei nokre nervepirrande veker til dei rett før jul fekk vite at det var ein ny eigar på banen.
– Framtida var høgst usikker og vi tenkte: Har vi framleis jobb til julaftan, fortel butikksjef Marianne Brandal Haugen ved Notabene Blåhuset i Ulsteinvik.
Les meir: Ny lokal eigar inn i Notabene-butikkar
No ser dei framover og har travle arbeidsdagar for å gjere klart til ei real ansiktsløfting av lokala og nye varer.
– No berre gler vi oss, seier ho då NETT NO møter henne i butikken med tre tilsette i tillegg til Haugen.
Opplever lokal støtte
Av dei tidlegare 44 Notabene-butikkane blir det no berre dei fem butikkane på Nordvestlandet, som er att frå den ein gong landsdekkande kjeda.
– Det var jo ingen sjølvfølge at vi fekk fortsette, men ein av grunnane er nok at kundane i nærområde lenge har slutta opp om butikken vår, fortel Haugen.
Den nye eigaren Harald Enersen påpeika til NETT NO at «ønsker ein lokale butikkar, må dei brukast». Han la også til at dei fem butikkane har hatt gode resultat.
Les også: Bikket nesten tre mrd. på Moa i fjor
Opplever vekst - men vil gjerne ha glastak i sentrum
– Skal vi vise oss tilliten verdig
Butikksjefen i Ulsteinvik delar den nye eigarens tru på lokalsamfunna ønsker seg fysiske butikkar. Ho fortel at butikken vil få større og betre vareutval.
– No skal vi vise oss tilliten verdig og gi tilbake til våre trufaste kundar. Og vi skal slåst kvar dag for å gi gode handleopplevingar og konkurransedyktige prisar, fortel ho.
Dei fem butikksjefane vil få større ansvar og den nye eigaren fortalte at dei ville vere betre rigga til å gjere lokale vurderingar, enn ein landsdekkande kjede kunne gjere.
Alle butikkane har leiker hyllene i dag, men vil no bli fullverdige leikebutikkar - i tillegg til det ein ventar seg hos ein bokhandel av bøker og rekvisita.
Meir om Notabene-konkursen: Notabene er konkurs
Konkurssal ved Notabene i Stryn
Vil drive vidare i Ålesund, Ulsteinvik og Måløy
Sel åtte butikkar
Etter å ha vore oppe i fleir enn 150 butikkar for berre få år sidan, fekk Notabene-kjeda økonomiske problem. Då oslobusette Enersen kom inn undervegs i dei tøffe tidene.
Ålesundaren har tidlegare har bygd opp Bokkompaniet og Boklageret. Då bokhandelkjeda gjekk konkurs i november, var han styreleiar.
«Konkursekspertane» i Jotunfjell Partners gjekk først inn i buet, men bestemte seg før jul at dei ville selje åtte butikkar av 44, og legge ned resten.
– Desse viste seg dessverre ikkje levedyktige og det var ingen reelle kjøparar til dei, fortel finansdirektør Bjørn Leiknes i Jotunfjell til NETT NO.
Mellom desse var Stryn-butikken, som hadde konkurssal i desember.
Publisert: 09.01.2020 16:41
Sist oppdatert: 07.09.2021 09:10