Har selt delelageret etter Mc Deler
SKAL SELJAST: Bygget på Vartdal der konkursråka Mc Deler heldt til, skal seljast. 
Nytt

Har selt delelageret etter Mc-Deler

I løpet av kort tid er lokala til den konkursråka Ørsta-bedrifta tømt for kring 400.000 delar.

Marius Rosbach
02.03.2020
Fleire ulike kjøparar kjøpte førre veke opp det omfattande delelageret etter konkursen i Mc-Deler på Vartdal.
– Vi er ferdige med bodrunda og reknar med at bygget er tømt i løpet av ei veke eller to. No skal vi jobbe vidare med å selje bygget, fortel assisterande banksjef Arnstein Misund i Sparebanken Møre til NETT NO.
Banken hadde pant både i bygget og delelageret etter av bedrifta gjekk over ende i fjor sommar.
Misund fortel at det er ulike kjøparar, som ville kjøpe delar frå dei ulike merkene i delelageret.

Omfattande arbeid

Bustyrar Roberto Bjøringsøy har tidlegare opplyst til NETT NO at det har vore ei arbeidskrevjande sak, med stor pågang frå kreditorar, kundar, interessentar og andre. Målt etter krava som er kome inn, var det ein av dei største konkursane på Nordvestlandet i fjor.
Ifølgje beretningane er det kome inn krav på til saman 15,8 millionar kroner - inkludert sikra krav. Om lag ein tredel skriv seg til konkursen i eigedomsselskapet, der bubehandlinga blei innstilt i januar.

Les også:


Har vore i bransjen i 40 år

Familieselskapa starta i det små i 1979 og vaks opp til å verte den leiande postordrebedrifta innan mc-bransjen i Norge. Selskapet fekk også Sparebank1 Volda Ørsta sin næringslivspris i 1996.
Det blei opna konkurs i både driftsselskapet og eiegedomsselskapet i fjor sommar. Morselskapet Sørvik Eiendom leigde ut lokalane til dotterselskapet Mc-Deler.
Den direkte foranledninga til konkursane var at Sparebanken Møre sa opp engasjementet med selskapa i juli 2019.

Valutatap og it-trøbbel

Men det var fleire årsaker til at bedrifta hamna i ein vanskeleg situasjon. Svekking av den norske krona blir oppgitt som ei av hovudårsakene.
Firmaet fekk også utfordringar i samband med oppgradering av datasystemet for varelageret, som gjekk utover drifta. Selskapet møtte meir motgang ved at Google endra søkeinnstillingane sine, slik at dei fekk færre treff på nettsidene sine.
På toppen kom sjukemeldingar hos sentrale nøkkelpersonar, som det var vanskeleg å erstatte.
– Dette medførte stor arbeidsbelastning på både leiing og tilsette. Alt dette medverka til sviktande omsetning, heiter det i den eine beretninga som ligg føre so langt.
Mc Deler hadde 14 tilsette då det gjekk over ende.

Les også:




Publisert: 02.03.2020 08:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53