Ved utløpet av 3. kvartal i fjor var på prisen på ein fritidsbustad i bruktmarknaden på Stranda 44.982 kroner kvadratmeteren. Det var 27,5 prosent opp sidan 2020.
Det siste halvåret har hytteprisane i Stranda falle litt i pris samanlikna med då Nett No skreiv om marknaden for brukte fritidsbustadar etter tredje kvartal 2024 (sjå tabell under).
I Stryn har utviklinga vore omvendt. Dei fritidsbustadane som har vore omsett i andrehandsmarknaden der, har gått til ein høgare pris enn dei fritidsbustadane som vart selde i fjor.
Stabil marknad
Ingen fritidsbustad-kollaps skreiv Nett No etter tredje kvartal 2024. Den konklusjonen gjeld også etter utløpet av første kvartal i år.
Det har vore ein liten prisauke i Stryn og på Bjorli. Samtidig har det vore ein liten nedgang på Stranda, Fjellsetra og Overøye.
Det er også verdt å merke seg at det er relativt få fritidsbustadar som skiftar eigar, med unntak av på Bjorli. Det gjer at ein, eller få fritidsbustadar kan gi store utslag i statistikken, som truleg er tilfelle når det gjeld tida det har tatt å få seld hytter på Fjellsætra.
Flest under prisantydning
Fleirtalet av fritidsbustadane som har skifta eigar dei siste seks månadane, er selde under prisantydning, ifølgje statistikken frå Eiendomsverdi.
- På Overøye vart alle fritidbustadar selde rimlegare enn selgarane opphavleg hadde tenkt seg.
- På Fjellsætra var 83 prosent seld under prisantydning - og 17 prosent over.
- På Bjorli vart 77 prosent under prisantydning - og 14 prosent over.
- På Stranda vart 60 prosent av bustadene selde under prisantydning - og 30 prosent over.
Også i Stryn vart 60 prosent av fritidbustadane seld under det selgarane hadde sett som prisantydning, medan 40 prosent vart seld over prisantydning.
| Fritidsbustad-marknaden på Nordvestlandet | ||||
| Bruktmarknaden siste seks månadar | ||||
| Pris i kr/kvadratmeter* | Selde hytter | Salstid i dagar | ||
| 2025 | 2024 | 2025 | 2025 | |
| Stryn | 44.250 | 41.328 | 10 | 29 |
| Stranda | 43.495 | 44.982 | 15 | 50 |
| Overøye | 39.281 | 40.601 | 8 | 50 |
| Bjorli | 36.870 | 35.952 | 41 | 78 |
| Fjellsætra | 26.853 | 34.102 | 9 | 427 |
| Kjelde: Eiendomsverdi/Privatmegleren |
Publisert: 16.04.2025 05:00
Sist oppdatert: 15.04.2025 22:55






