Nytt
Her er oljeoppturen solid forankra
For Vertikalservice og Norwegian Group starta den nye oljeoppturen i fjor. No fyller begge på med fleire folk.
28.02.2018
I starten av 2014 såg alt lyst ut for dagleg leiar Åsmund Vaage og kollegaene i Vertikalservice i Volda.
Ei kontrakt med Statoil var plass og arbeidsstokken oppe i rundt 45 personar. Men så stupte oljeprisen.
Då det botna ut i 2016 var staben nede i 14 og driftsinntektene meir enn halvert.
Ei liknande utvikling har Norwegian Group, også det i Volda, vore gjennom.
No er begge selskapa i ferd med å auke bemanninga kraftig.
Vertikal Service er pr. i dag opp i rundt fast 25 tilsette, i tillegg til innleigde i einskilde prosjekt. Selskapet starta oppbemanninga våren 2017.
Dagleg leiar Morten R. Borøchstein i Norwegian Group seier selskapet starta oppbemanninga i desember 2017. Hittil har 20 personar fått jobb. I løpet av 2018 vil det kome rundt 15 til, slik at arbeidsstokken kjem opp i 50-60 personar, same nivå som før oljeprisfallet.
Våren 2017 fekk Vertikal Service ny kontrakt med Statoil og Statens Vegvesen. Marknaden tok seg opp, og året enda med 10 millionar kroner i auka driftsinntekter og den nest beste lønsemda selskapet har hatt.
- Så langt i år er det inngått kontrakt for 45 millionar kroner, seier styreleiar og største aksjonær, Kay Ove Johansen. Kontrakten er over to år.
Det begge selskapa har opplevd er at oljeselskapa brått kutta ned på vedlikehaldsarbeid då oljeprisen fall. Det er ein metode for å spare kostnadar som ikkje kan brukast så lenge i slengen, og med stigande oljepris i tillegg har marknaden fått eit kraftig løft.
Ei kontrakt med Statoil var plass og arbeidsstokken oppe i rundt 45 personar. Men så stupte oljeprisen.
Då det botna ut i 2016 var staben nede i 14 og driftsinntektene meir enn halvert.
Ei liknande utvikling har Norwegian Group, også det i Volda, vore gjennom.
Søkjer etter folk
Vertikalservice og Norwegian Group arbeider innan same marknad, der inspektørar og vedlikehaldsarbeidarane på oljeinstallasjonane nyttar seg av tau og annan tilkomsteknikk som stammar frå fjellklatring, i staden for å bygge dyre og tidkrevande stillas for å få jobben gjort.No er begge selskapa i ferd med å auke bemanninga kraftig.
Vertikal Service er pr. i dag opp i rundt fast 25 tilsette, i tillegg til innleigde i einskilde prosjekt. Selskapet starta oppbemanninga våren 2017.
Dagleg leiar Morten R. Borøchstein i Norwegian Group seier selskapet starta oppbemanninga i desember 2017. Hittil har 20 personar fått jobb. I løpet av 2018 vil det kome rundt 15 til, slik at arbeidsstokken kjem opp i 50-60 personar, same nivå som før oljeprisfallet.
Plussår i fjor
Det tøffaste året økonomisk var i 2015, seier Vaage. Då var driftsinntektene nede i 16 millionar kroner, og underskotet før skatt 2,8 millionar kroner. Det er store beløp for eit lite selskap. I 2016 fall driftsinntektene ytterlegare, men då dreiv selskapet praktiskt tala i balanse etter kraftige kutt og omstruktureringar.Våren 2017 fekk Vertikal Service ny kontrakt med Statoil og Statens Vegvesen. Marknaden tok seg opp, og året enda med 10 millionar kroner i auka driftsinntekter og den nest beste lønsemda selskapet har hatt.
Snudde i fjor
Hos Norwegian Group botna det ut i 2016. 2017 enda med ei driftsinntekt på nivå med 2016 (cirka 30 millionar kroner), men med eit resultat i pluss mot eit underskot på 3,1 millionar kroner i 2016.- Så langt i år er det inngått kontrakt for 45 millionar kroner, seier styreleiar og største aksjonær, Kay Ove Johansen. Kontrakten er over to år.
Det begge selskapa har opplevd er at oljeselskapa brått kutta ned på vedlikehaldsarbeid då oljeprisen fall. Det er ein metode for å spare kostnadar som ikkje kan brukast så lenge i slengen, og med stigande oljepris i tillegg har marknaden fått eit kraftig løft.
Publisert: 28.02.2018 11:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18