Nytt
I dag vart flaggskipet sett i trafikk
Litt forseinka kasta Ulstein-bygde Color Hybrid loss frå Sandefjord – på sin første tur med passasjerar om bord.
Marius Rosbach
16.08.2019
Ved 10.30-tida fredag segla Color Hybrid-ferja ut frå hamnebassenget i Sandefjord, på veg sin første ordinære tur med passasjerar om bord.
Det har vore stor interesse kring plugin hybridferja som Ulstein verft nyleg leverte til Color Line. Skipet kan segle på batteri inn og ut frå hamn – men den nyttar fossil drivstoff i ope sjø.
Turen fredag skjer med presse om bord. Etter planen går returen frå Strømstad, etter ein seremoni med ordføraren i den svenske byen.
Dåpen til Color Hybrid er planlagt i Sandefjord fredag 23. august med
Overleveringa av skipet er lagt merke til av nettstader fleire stader i verda. Eit google-søk viser at hendinga er omtalt på mellom anna polsk, spansk, tysk, russisk, japansk og sjølvsagt engelsk.
Førebels er det ikkje gjort offentleg bilde innvending frå skipet, men om bord vert det utvida shopping- og servicetilbod med store butikkar og tre spisestader. På bruvingen er det glasgolv slik at passasjerane kan følgje med på bølgjene og sjøen under.
Batteria kan ladast på ein time via en kabel frå landstrømanlegg på kaia. Skipet har også et varmereservoar som nyttar varmen frå kjølevatnet og eksosen, til oppvarming.
Skipet vart tre-fire månader forseinka frp verftet i høve tidsskjemaet då avtalen vart signert. Sjølve bygginga tok til juli 2017.
Det har vore stor interesse kring plugin hybridferja som Ulstein verft nyleg leverte til Color Line. Skipet kan segle på batteri inn og ut frå hamn – men den nyttar fossil drivstoff i ope sjø.
Turen fredag skjer med presse om bord. Etter planen går returen frå Strømstad, etter ein seremoni med ordføraren i den svenske byen.
Dåpen til Color Hybrid er planlagt i Sandefjord fredag 23. august med
lass til 2000 om bord
Color Hybrid som tidlegare i år vart kåra til Årets skip, har plass til 2000 passasjerar og 500 bilar.Overleveringa av skipet er lagt merke til av nettstader fleire stader i verda. Eit google-søk viser at hendinga er omtalt på mellom anna polsk, spansk, tysk, russisk, japansk og sjølvsagt engelsk.
Førebels er det ikkje gjort offentleg bilde innvending frå skipet, men om bord vert det utvida shopping- og servicetilbod med store butikkar og tre spisestader. På bruvingen er det glasgolv slik at passasjerane kan følgje med på bølgjene og sjøen under.
Les også:
Ladast på en time
Skipet har fleire nyvinningar om bord i tillegg til batteripakka på 65 tonn som gjer at ferja kan gå utan utslepp i kring ein time med ein fart på 12 knop.Batteria kan ladast på ein time via en kabel frå landstrømanlegg på kaia. Skipet har også et varmereservoar som nyttar varmen frå kjølevatnet og eksosen, til oppvarming.
Skipet vart tre-fire månader forseinka frp verftet i høve tidsskjemaet då avtalen vart signert. Sjølve bygginga tok til juli 2017.
Publisert: 16.08.2019 13:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38