– Kina er konkurrentar, men også samarbeidspartnarar
Ulstein Group har tent betydeleg på business i Kina, og hatt meir enn 50 prosjekt ved kinesiske verft. Tore Ulstein meiner norsk industri må balansere konkurranse og samarbeid.
I starten av september var det stor ståhei ved verftet til China Merchants Heavy Industry i Kina. Samtidig som det første cruiseskipet med X-Bow-design blei levert – før tida - blei fartøyet døypt med prominente gjestar til stades.
Visekonsernsjef Tore Ulstein i Ulstein Group håpar merksemda kan gi meir jobb for konsernet.
– Vi har fleire kundar vi jobbar med, som kan vere interessert i å bygge i Kina, men nokre er også skeptiske og vil helst bygge i Europa, fortel han til NETT NO.
Kinesiske ambisjonar
Kina er klare på at dei har store ambisjonar i denne marknaden og nytta samtidig høve til å markere byggestarten av eit nytt cruiseverft.
Det kan vere med på å gi norske verft konkurranse – men også moglegheiter for den maritime industrien.
– Kina er konkurrentar, men også samarbeidspartnarar for vår lokale maritime industri. Spørsmålet blir korleis vi balanserer den konkurransen, samtidig som vi samarbeider på ein god måte. Frå vår ståstad er det mest interessant, og eg meiner det også viser noko av dynamikken og styrken til den maritime klynga her på Nordvestlandet, seier han.
Gir arbeid til fleire leverandørar
Tore Ulstein fortel at konsernet dei siste 15 åra har jobba med ni ulike kinesiske verft på meir enn 50 prosjekt.
– For oss har kinesiske verft vore eit av dei områda der vi har fått mykje avsetnad av eige design, seier han.
Samtidig fortel han at Ulstein sine sal av design- og utstyrspakkar, også gir arbeid til andre leverandørar frå heimfylke.
– At skipet blei levert før tida, er unikt i Kina og hadde ikkje vore mogleg utan hjelp frå Ulstein og norsk maritim industri, legg han til.
Les også: Døypte første cruiseskip med X-Bow
– Har fått merksemd heilt opp til regjeringsapparatet
Svak krone – ein fordel
Ulstein påpeiker at norske verft framleis er kjend for å levere kvalitet og finish på øvste hylle. Svak kronekurs gir også ein fordel for norske eksportbedrifter for tida.
– Norge kjem no opp som ein interessant nasjon for bygging på grunn av valutasituasjonen. Det har gjort Norge meir attraktivt i forhold til den internasjonale konkurransen, seier han.
Det blir også lagt merke til internasjonalt når det leverast avanserte prototypeskip. Ulstein har dei siste åra levert prestisjeprosjektet Color Hybrid, og fleire serviceskip for vindmarknaden. No har verftet sitt første cruiseskip under bygging ved eige verft for amerikanske Lindblad.
– Det blir lagt merke til og gjer oss til ein naturleg part å snakke med. Det er fleire interessante aktørar som har teke kontakt, seier han.
Overvakar marknaden mot patentbrot
Noko av skepsisen til å gjere business med Kina går på frykt for at dei skal kopiere større delar av verdikjeda – mellom anna på designsida. Ulstein har naturleg nok patentbeskytta både merkevare og design, og overvakar marknaden for eventuelle brot på desse.
– Om nokre kjem for nær vår løysing, gjer vi dei merksam på at dei er i ferd med å gjere eit inngrep mot vårt design, fortel Tore Ulstein.
Noko stort problem er det likevel ikkje, og han anslår at dei har sendt av gårde kring 20 slike brev, der dei gjerne ber om meir informasjon.
– Det har vore diskusjonar der vi har gått litt lengre, men vi har ikkje hatt noko rettssaker på dette, seier Ulstein.
Les også: Ser lysning etter nytt blytungt år
Ulstein har tilsett 120 på eitt år
Color Hybrid-kapteinen: – Som å gå fra steinalderen til rakettalderen
For oss har kinesiske verft vore eit av dei områda der vi har fått mykje avsetnad av eige design
Publisert: 23.09.2019 05:56
Sist oppdatert: 17.05.2024 23:06