Kommunikasjonen svikta under smitteutbrot
LEIRVIK-VERFT: Verftet til Havyard i Hyllestad kommunen var utgangspunktet for eit stort smitteutbrot i haust. Men ein lukkast med å unngå smitte mellom lokalbefolkninga. 
Nytt

Kommunikasjonen svikta under smitteutbrot

Rapport viser problem med å nå fram til framandspråklege verftsarbeidarar ved Havyard-verft.

Marius Rosbach
14.12.2020
Ein rapport frå Folkehelseinstituttet (FHI) etter det store koronautbrotet på verftet i Hyllestad peikar på kommunikasjonssvikt og uavklart ansvarsfordeling.
Forfattarane skriv at små kommunar med større verksemder kor dei nyttar gjestearbeidarar er spesielt utsette.
Det Havyard-eigde verftet blei i slutten av september åstaden for eit utbrot der 94 personar blei registrert ved Covid-19-smitte.

Vanskeleg å nå fram med informasjon

Rapporten viser mellom anna at kommunikasjonen til dei mange framandspråklege arbeidarane svikta.
– Det viste seg ved vanskar med å få brakt vidare informasjon til arbeidarane om årsak for testing, behov for karantene og isolasjon, kor lange desse var og kor viktig det var å overhalde dei, heiter det i rapporten.
Det var også uavklart ansvarsfordeling om oppfølgingsansvar for dei tilsette på verftet, i tillegg til at enkelte ikkje innsåg alvoret i situasjonen og difor ikkje fylgde smitteverntiltaka.

Hyra inn polsktalande helsearbeidarar

Situasjonen blei meir komplisert ved at det var mange aktørar involverte, både av leverandørar og underleverandørar ved verftet i Leirvik.
Halvanna veke ut i utbrotet rekrutterte kommuneoverlegen to polsktalande helsearbeidarar for å betra kommunikasjonen mellom helsetenesta og gjestearbeidarane.
Rapporten viser vidare manglar på ein systematisk oversikt over tilfelle og nærkontaktar under smitteutbrotet.

Les meir:




Smitteutbrot ved Fiskerstrand:


(lenke til pdf)
Det viste seg ved vanskar med å få brakt vidare informasjon til arbeidarane

Publisert: 14.12.2020 17:30

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:34