Konkurssal ved Notabene i Stryn
STRYN: Torsdag var det konkurssal ved butikken i Stryn. 
Nytt

Konkurssal ved Notabene i Stryn

Dei tilsette er i uvisse om framtida. Butikkane i Ålesund, Ulsteinvik og Måløy er truleg berga.

Marius Rosbach
21.11.2019
Ein ny butikkjede er i konkurstrøbbel og denne gongen er det bokhandelen Notabene som måtte kaste handkleet. Onsdag blei det kjent at «konkursekspertane» har kjøpt opp buet og torsdag er det ifølgje opna konkurssalg i 21 butikkar.
Stryn er mellom desse butikkane, ifølgje ei oversikt på varebørsen Autotech. I lokala i Stryn sentrum er alle varer sett ned 30 prosent torsdag.
– Det einaste vi har fått beskjed om, er at vi skal halde oppe dørene som normalt. Så skal vi selje ut til varelegaret er tomt, fortel dagleg leiar Torunn Egge til NETT NO.
Ho fortel at dei har hatt bra besøk torsdag.

– Jobbar med å finne løysingar

Stryn-butikkan har fem heil- og deltidstilsette, og dei fekk beskjeden om konkursen tysdag morgon.
Førebels er dermed framtida uviss, men truleg betyr utviklinga at Jotunfjell er på jakt etter nye drivarar til butikken.
– Vi jobbar med å finne løysingar og det kan tenkast at vi kan finne lokale drivarar, også for nokre av dei som driv utsal, har finansdirektør og partnar Bjørn Leiknes i Jotunfjell Partners uttald til .

Truleg berga

Butikkane på Moa i Ålesund, Ulsteinvik og Måløy er truleg med i dei vidare planane til Jotunfjell Partners. Den nye eigaren hadde ved 12-tida torsdag ikkje stadfesta dette til NETT NO.
Dei andre butikkane på Nordvestlandet står ikkje på lista for konkurssala - og er truleg sikra vidare drift saman med butikkane i Molde, Vestnes og Kristiansund.
Til saman har kjeda hatt 42 butikkar, men Jotunfjell Partners har ikkje gått ut med konkrete tal for kor mange butikkar som blir med vidare.

Konkurs tidlegare

Dagens Næringsliv har tidlegare i år omtalt veksande inkassokrav mot bokhandelkjeden, og selskapet skal ha ei samla gjeld på minst 94 millionar kroner. Også Boklageret, som har omtalt seg selv som Norges billigste bokhandel, er konkurs.
For nokre år sidan hadde kjeden kring 150 butikkar, men har slitt tung økonomisk. Kjeda gjekk også konkurs i 2013.

Meir om denne saka:



Publisert: 21.11.2019 15:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45