Maa vite at vi kjem fram og faar levere til rett tid
TRANGE TUNNELAR: I staden for dagens fleire og trange tunnelar, håpar Rolf Olav Tenden på éin tunnel med arm til Geiranger. 
Nytt

– Må vite at vi kjem fram og får levere til rett tid

Eigaren av Tenden-selskapa meiner Strynefjellet peikar seg ut som satsingsveg. Det står att å overtyde sentrale styresmakter.

Marius Rosbach
08.09.2020
Det er på høg tid at det blir satsa på riksveg 15 over Strynefjellet, meiner Rolf Olav Tenden og håpar strekninga kjem inn med planleggingsmidlar i ny Nasjonal Transportplan.
Han er eigar av transportselskapa Thor Tenden Transport AS og Tenden AS, og dagleg leiar i sistnemnte.

Tema på Samferdselskonferansen

Tysdag og onsdag blir Samferdelskonferansen 2020 arrangert i Loen, der mellom anna riksveg 15 er på dagsorden.
Tysdag snakka Tenden under konferansen om behovet for å tenke langsiktig om trygge hovudferdselsvegar mellom Aust- og Vestlandet, sett frå hans perspektiv i transportbransjen.
– Vi må legge pengane i nokre faste gjennomkøyringsvegar. Der skil Strynefjellet seg ut etter at vi fekk Kvivsvegen, med tilknyting til den veksande industrien på søre Sunnmøre. Samtidig har vegen stor turisttrafikk. Kombinasjonen med små og store bilar gjer at strekninga er utsett for ulukkar. Vi fryktar ei storulukke, legg Tenden til i samtale med NETT NO.
(ekstern lenke)

Stengt 1000 timar sist vinter

Verksemdene til Tenden blir i stor grad påverka av vegforholda.
– Vi må vite at vi kjem fram og får levere til rett tid. Vår største kunde er Nordfjord Kjøtt som skal levere til alle Rema-butikkane til visse klokkeslett. Ferskvarene som vi køyrer ut om kvelden og natta, skal vere i butikken dagen etter, påpeiker han.
Då er det ikkje alltid like enkelt å måtte nytte ein riksveg som ikkje nødvendigvis er ope. Ifølgje Tenden var vegen over Strynefjellet stengt i 1000 timer sist vinter – tilsvarande drygt 40 døgn.
– Det har vore mykje stengt grunna rasfare og det er eigentleg verst, fordi då veit ein ikkje når vegen opnar. Men det er også ventetid ved kolonnekøyring til dømes, seier han.

Les også:



Vil ha éin tunnel med arm til Geiranger

Tenden håpar samferdsleminister Knut Arild Hareide vil prioritere inn planleggingsmidlar til ny tunnel med arm til Geiranger på den verutsette strekninga over fjellet.
– Det kan i tillegg løyse ut heilårstrafikk til Geiranger og er ein tryggleik om det skulle skje ei rasulukke i Storfjorden, påpeiker han.
Per i dag er ikkje strekninga inne med midlar i Nasjonal Transportplan (NTP). Og om fagetatane får det som dei vil, mellom dei prioriterte tiltaka i den komande planen. Men fagetatane har i første rekke lagt samfunnsnytte til grunn då dei kom med sine tilrådingar tidlegare i år.
No er det høgsesong for politiske innspel til det vidare arbeidet. Først neste år legg regjeringa fram stortingsmeldinga om NTP-en for for perioden 2022-2033.

Viser til verdiskaping og eksport

Næringslivet på Nordvestlandet, med mellom anna NHO i Møre og Romsdal, har peika på verdiskapinga og eksporten som skjer i regionen. Dei meiner det er eit argument for at samferdsel i distriktet bør prioriterast høgare.
Tenden meiner ein har lukkast i å samle seg om argumentet til sentrale styresmakter.
– Eg meiner vi har vore flinke med bodskapen, men vi slit framleis med å få forståing for dette alle plassar. Prioritering av pengar mellom by og land er vår største utfordring for tida, meiner Tenden.

Les også:



Svein Sunde:


(ekstern lenke)
Ferskvarene som vi køyrer ut om kvelden og natta, skal vere i butikken dagen etter

Publisert: 08.09.2020 17:02

Sist oppdatert: 11.07.2022 22:19

Mer om