Meiner reiselivet treng marshallhjelp
STILLE: Dei siste vekene har det igjen kome avbestillingar til Hotel Union Geiranger. Sindre Mjelva meiner reiselivet treng hjelp i ei lengre periode. 
Nytt

Meiner reiselivet treng «marshallhjelp»

Krisehjelpa har vore avgjerande for at Hotel Union Geiranger er ope. No er det stille att etter ein god juli. 

Marius Rosbach
20.08.2020
Reiselivet er mellom dei som er verst råka av koronakrisa og utfordringane er på langt nær over. Sindre Mjelva ved Hotel Union Geiranger ber om at krisehjelpa som er innført må gjelde vidare ut året og inn i 2021.
– Reiselivet treng no ei form for «marshallhjelp» som kan bidra til å halde oppe strukturen med store og mindre selskap, seier Mjelva til NETT NO.
Saman med kona er han 4. generasjon som driv det tradisjonsrike hotellet i turistbygda.
Mjelva trur at mange av bedriftene som utgjer underskogen i bransjen, vil gå over ende om dei ikkje får hjelp vidare. Han meiner dei små aktivitets- og opplevelingsbedriftene får det aller tyngst.
– Vi vil tøye strikken maksimalt for å klare og halde på arbeidsplassane, men det kjem til eit punkt då vi kanskje ikkje kan gjere det meir på grunn av risikoen, seier han.

Stille etter god juli

Medan juli månad har vore ein opptur for reiselivet med mykje besøk av nordmenn, er det no tilbake til stille dagar for dei fleste.

– Til vanleg er det fullt hus i desse dagar til godt ut i oktober. Då pleier vi ha gjestar frå Sør-Europa og den nordamerikanske marknaden, som har ferie i den perioden, fortel Mjelva.
I år er alle desse gjestane vekke og belegget er ein brøkdel av kva det har vore dei siste åra. Samtidig gjer smittesituasjonen med innstramming frå styresmaktene, at den norske konferansemarknaden får ein ny knekk.
– Konferansar og firmagrupper sett ting på vent og vil sjå om det blir ei oppblussing av ny smitte, eller om det blir avblåst ganske fort, seier Mjelva.

– Sterkt ønske om å samlast

I staden for at hotella kan sjå fram til å ha arrangement med opptil 500 gjestar, er no mykje i uvisse. Førebels gjeld grensa på 200 personar.
Hotellfamilien håpar at koronasituasjonen kjem under kontroll i løpet av kort tid, og at ei utflating av smittetala opnar for nye moglegheiter.
– Då trur eg roa vil kome tilbake i marknaden og at vi vil få ei viss forskyving av aktivitetane utover hausten. Vi opplever at det er eit sterkt ønske om å samlast igjen, så eg er optimistisk på den måten, legg han til.

Ventar «svært tøff haust og vinter»

Sindre Mjelva påpeiker at inntektene likevel ikkje blir «på langt nær» same nivå som tidlegare.
– Vi kjem til å gå ein svært tøff haust og vinter i møte, og for oss har det vore avgjerande at kompensasjonsordninga kom på plass, seier han.
Hotellet har vore mellom bedriftene på Nordvestlandet som frå den sokalla kontantstøtta. Mjelva har rekna på at dei får dekka kring 60 prosent av sine faste utgifter i desse månadene.
– Det har gjort at vi tør å satse i ein veldig turbulent marknad som gir høge utslag om ein bommar, spesielt på dei variable kostnadene, legg han til.

Les også:



Grov:


– Har eit samfunnsansvar

Førebels gjeld kontantstøtte ut august og regjeringa har tidlegare i sommar opplyst at dei vil vurdere nye tiltak for reiselivet. Om krisehjelpa ikkje blir vidareført, trur Mjelva risikoen blir for stor.
– Er det aktuelt for dokke å stenge hotellet ei periode fordi det er meir lønnsamt?
– Kanskje ville det vore meir lønnsamt å stenge ned no i haust, men vi har eit samfunnsansvar. Folk som jobbar hos oss har lån og økonomiske forpliktingar, og er avhengige av at vi er opne, påpeiker han.
Mjelva meiner krisetiltaka må ha lengst mogleg horisont, for å sikre at arbeidsgjevarane kan planlegge på lengre sikt. Han påpeikar at krisetiltaka også bør gi eit motiv for bedriftene, slik det gjerast ved lønstilskot for å ta permitterte tilbake i arbeid.

Vil halde på kompetansen

Om hotelleigaren skulle ønske seg meirkrisehjelp, eller anna form for støtte, ønsker han seg slike tiltak som gjer det enklare å halde på kompetansen.
– Vi har brukt mykje ressursar på å drive kompetanseheving internt. Om vi må gi slepp på dei, så vil ikkje kunnskapen kome til nytte noko anna stad, fordi næringa generelt samstundes ligg nede. Næringa vår treng kompetanse for å auka prisnivået og få betre avkastning, seier han.

Les også:






Vi vil tøye strikken maksimalt for å klare og halde på arbeidsplassane, men det kjem til eit punkt då vi kanskje ikkje kan gjere det meir på grunn av risikoen

Publisert: 20.08.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01