Moods sel seg ut av Brandstad
STRYN: Moods of Norway sel kleskjeda Brandstad.
Nytt

Moods sel seg ut av Brandstad

Moods of Norway sel kleskjeda Brandstad til danske PWT Group. 

05.10.2018
Det skriv
Avisa skriv at Brandstad-kjeda var ein del av konkursbuet etter Moods of Norway, som i fjor sommar vart kjøpt opp av Jan Egil Flo, Simen Staalnacke og andre leiande tilsette i selskapet.
Jan Erik Flo seier til Finansavisen at Moods of Norway-produkta framleis skal seljast gjennom Brandstad, som vil vere Moods sin einaste distrinutør.

- Kontinuerleg ryddeprosess

Flo opplyser at prislappen for salet er nær det Moods of Norway betalte då selskapet kjøpte Brandstad for to år sidan.
– No får vi frigjort midlar til å satse på, og byggje opp igjen Moods.
- Brandstad har vore ein kontinuerleg ryddeprosess for oss. Vi har lagt ned ulønsame butikkar og fått inn nye tilsette, seier Flo til Finansavisen.
Konkursbuet etter Moods of Norway vart i fjor sommar selt for 52,6 millionar kroner etter konkursen. Krava frå kreditorane var på 91 millionar kroner.
No får vi frigjort midlar til å satse på

Publisert: 05.10.2018 08:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26