Ny Ricco Vero start for Kvamme
STARTAR PÅ NYTT: Ricco Vero kjem i gang igjen etter konkursen, men i første omgang blir det berre to eigne butikkar, i Stryn og Olden, fortel Ricco Vero-grunnleggar Finn Einar Kvamme.
Nytt

Ny Ricco Vero-start for Kvamme

Ricco Vero-grunnleggar Finn Einar Kvamme og partnarar kjøper konkursbuet etter selskapet.

22.07.2020

Kvamme kjøper buet saman med Bjarøygruppen og Moods of Norway-grunnleggar Jan Egil Flo, skriv Dagens Næringsliv.

No opnar dei alle klesbutikkane for å selje ut varelageret.

Etter at salet er gjennomført skal Finn Einar Kvamme drive Ricco Vero vidare.

Måtte ha kompetanse
Kvamme seier til NETT NO han måtte ha med seg folk som kunne gjennomføre ei konkurssal. Det kan Bjarøygruppen og Jan Egil Flo. Flo var med då Moods of Norway-grunnleggarane kjøpte buet etter konkursen der, og selde ut varelageret med gevinst.

Les meir: God start etter konkurs

Avtalen er slik at Bjarøygruppen og Flo er med på salet av varelageret og at Kvamme deretter sit med retten til varemerket og skal drive Ricco Vero vidare.

Ikkje eigne butikkar
Før konkursen hadde Ricco Vero-selskapa 11 eigne butikkar.

No startar Kvamme på ny, utan butikkane i første omgang. Planen er å vere ein leverandør til andre butikkar og butikkjeder.

Unntaket blir butikkane i Stryn og Olden, som har vore såkalla "outlet-butikkar". Dei skal halde fram etter den modellen også når Ricco Vero kjem i gang igjen, i følgje Kvamme.

Ikkje berekraftig
Då koronatiltaka kom stupte salet, butikkar blei stengt og avbestillingar kom inn. Samstundes hadde Kvamme leveransar på veg, leveransar som alt var betalt.

Les også: Ricco Vero konkurs

Han seier han ikkje såg statlege krisetiltak som eit alternativ til konkurs. Det ville gitt tre gangar høgare gjeld enn han hadde, samstundes som salet låg ant til å blir halvert og det er uvisst korleis handelene utviklar seg. Berre det at konfirmasjonsfestar og liknande er avlyst inntil vidare råka selskapet. Utan fest, ingen ny dress.


Publisert: 22.07.2020 13:38

Sist oppdatert: 20.06.2021 22:24