Nytt
Oppsving på stengte grenser
Straks regjeringa innførte karanteneplikt for innreisande frå Sverige gjekk salet til vers for Nordfjord Kjøtt.
07.09.2020
- Den kom på dagen, seier Nordfjord Kjøtt-sjef Geir Egil Roksvåg om den positive verknaden av koronatiltaka for Nordfjord Kjøtt.
Nordjord Kjøtt i Loen er det største selskapet i Leguala-konsernet og leverandør til den landsdekkande Rema-kjeden.
Då regjeringa 12. mars i år innførte strenge restriksjonar for å få kontroll over spreiinga av koronaviruset blei det også langt på veg slutt på grensehandelen mellom Noreg og Sverige. Folk på Austlandet slutta å dra på handletur over grensa, mellom anna for å handle kjøtvarer, når konsekvensen blei at dei måtte sitte i karantene etterpå.
Dermed blei det meir handel i Noreg, mellom anna av kjøtvarer frå Nordfjord Kjøt.
Han vil ikkje talfesta oppsvinget, men seier selskapet har auka bemanninga for å få arbeidet unna.
Ved utgangen av 2019 sysselsette Legula-konsernet 299 årsverk.
Legula er eigd av selskapet Gemto as, som er eigd av Geir Inge Roksvåg og barna Malin og Tom.
Nordjord Kjøtt i Loen er det største selskapet i Leguala-konsernet og leverandør til den landsdekkande Rema-kjeden.
Då regjeringa 12. mars i år innførte strenge restriksjonar for å få kontroll over spreiinga av koronaviruset blei det også langt på veg slutt på grensehandelen mellom Noreg og Sverige. Folk på Austlandet slutta å dra på handletur over grensa, mellom anna for å handle kjøtvarer, når konsekvensen blei at dei måtte sitte i karantene etterpå.
Dermed blei det meir handel i Noreg, mellom anna av kjøtvarer frå Nordfjord Kjøt.
Fleire folk i arbeid
- Vi har bra auke så langt i år, seier Roksvåg.Han vil ikkje talfesta oppsvinget, men seier selskapet har auka bemanninga for å få arbeidet unna.
Ved utgangen av 2019 sysselsette Legula-konsernet 299 årsverk.
Familieeigd
I tillegg til Nordfjord Kjøtt omfattar Legulakonsernet Nordfjord Kjøtt Slakt, North Packaging og Loen Kjøtt.Legula er eigd av selskapet Gemto as, som er eigd av Geir Inge Roksvåg og barna Malin og Tom.
Les også:
Vi har bra auke så langt i år
Publisert: 07.09.2020 12:38
Sist oppdatert: 07.04.2021 15:54