Nytt
Rekordutbytte for Vassendgutane
Ikkje sidan strøymetenester reiv grunnen unna CD-marknaden har Vassendgutane gjort det betre enn i fjor.
12.07.2017
Eigarane av Vassendgutane as; Rune Ståle Brautaset, Sindre Aam, Ernst O. Brune og Arthur Johan Bjørdal (25 prosent kvar) tok ut til saman 1,1 millionar kroner i utbytte etter 2016.
Resultatet før skatt er fire millionar kroner, som utgjer over 30 prosent av driftsinntektene. Berre første året som aksjeselskap, i 2008, var betre. Men den gongen var det framleis råd å tene godt på CD-sal. Den marknaden har krympa, om enn ikkje like mykje for Vassendgutane som for musikkbransjen generelt.
Vassendgutane as har heile vegen vore eit solid selskap, men dei siste åra har eigarane styrka soliditeten ytterlegare. Ved utløpet av 2016 hadde selskapet 9,3 millionar kroner ståande i banken.
Bygg og utstyr er bokført til 4,3 millionar kroner, medan gjelda (medrekna 1,1 millionar i utbytte) er på 2,9 millionar kroner.
I år ventar han at både resultat og driftsinntekter blir lavare, men at driftsinntektene endar over 10 millionar kroner.
Men CD´en "Skur Opp" kom i 2015, og betydninga av den i 2017-reknskapen blir ikkje stor.
Neste CD er planlagt våren 2018.
Sannsynlegvis blir også den laga som eit fysisk produkt, men Aarseth seier det blir vurdert om Vassendgutane neste år for første gang skal selge ein CD som eit reint strøymeteneste-produkt.
Resultatet før skatt er fire millionar kroner, som utgjer over 30 prosent av driftsinntektene. Berre første året som aksjeselskap, i 2008, var betre. Men den gongen var det framleis råd å tene godt på CD-sal. Den marknaden har krympa, om enn ikkje like mykje for Vassendgutane som for musikkbransjen generelt.
Solid buffer
Resultatet etter skatt var tre millionar kroner i fjor. Det betyr at nesten to millionar vart liggande i selskapet.Vassendgutane as har heile vegen vore eit solid selskap, men dei siste åra har eigarane styrka soliditeten ytterlegare. Ved utløpet av 2016 hadde selskapet 9,3 millionar kroner ståande i banken.
Bygg og utstyr er bokført til 4,3 millionar kroner, medan gjelda (medrekna 1,1 millionar i utbytte) er på 2,9 millionar kroner.
Sprengte budsjettet
For 2017 budsjetterte bandet med mellom 10 og 12 millionar kroner i driftsinntekter, sa band-manager Alf Aarseth i Flan Booking. Det måltet vart altså meir enn nådd (sjå tabell).I år ventar han at både resultat og driftsinntekter blir lavare, men at driftsinntektene endar over 10 millionar kroner.
Ny CD neste år
Trass i at også Vassendgutane vart råka av nedgangen i CD-marknaden er det fysiske CD-salet ein viktig grunn til det gode resultatet dei to siste åra.Men CD´en "Skur Opp" kom i 2015, og betydninga av den i 2017-reknskapen blir ikkje stor.
Neste CD er planlagt våren 2018.
Sannsynlegvis blir også den laga som eit fysisk produkt, men Aarseth seier det blir vurdert om Vassendgutane neste år for første gang skal selge ein CD som eit reint strøymeteneste-produkt.
Publisert: 12.07.2017 14:23
Sist oppdatert: 04.09.2021 00:39