Nytt
Salssuksess med luse-skjold
Etter tre månadar har Kenneth Brandal og Børre O. Waagan seld over dobbelt så mange luse-skjold til oppdrettarane enn dei hadde drøymt om å greie i heile år.
26.03.2015
- God timing, seier dagleg leiar Børre O. Waagan i Plany.
Luseskjoldet er ei spesialsydd presenning som oppdrettarane monterer rundt anlegget for å hindre at parasitten lakselus og smittestoff driv inn i anlegget. Det stikk fem til ti meter ned i sjøen, og kan heisast opp og ned manuelt. Skjoldet er spesielt nyttig i den kalde årstida, når leppefisken oppdrettarane bruker for å halde lakselusa i sjakk er lite aktiv. Det første forsøka med skjoldet gav gode resultat, og dermed tok det av.
Skjoldet er utvikla hos Plany og 2014 var det første året skjolda frå kom i sjøen i større omfang.
I år hadde Waagan og salsdirektør Kenneth Brandal vona dei skulle skulle selje mellom 50 og 60 luseskjold. Hittil har dei seld rundt 130.
Oppdrettsnæringa har gitt lakselusa ein langt større fiskebestand å leve på, og parasitten er og eit problem for dei ville laksebestandane.
Stadig strengare krav til oppdrettarane, kombinert med at lakselusa er blitt meir motstandsdyktig mot behandling med kjemikaliar, gir bedrifter som Plany nye sjansar.
Det tredje store produktet for oppdrettsnæring er flytande ferksvassbasseng. Ferskvatn er eit effektiv hjelpemiddel i ein av behandlingsmetodane mot lakselus, og ferskvassbassenget reduserer tida brønnbåtane brukar på å fylle og frakte ferskvatnet dit det skal.
Waagan seier det er avgjerande å heile tida utvikle seg for å henge med i konkurransen. No jobbar Plany mellom anna med å vidareutvikle luseskjoldet, blant anna ved å kombinere det med sensorar som måler tilstanden i oppdrettsanlegget og kombinere det med utstyr som gjer det råd å heve og senke skjoldet maskinelt, når det til dømes er er behov for å auke innstrøyminga av oksygenrikt vatn.
Luseskjoldet er ei spesialsydd presenning som oppdrettarane monterer rundt anlegget for å hindre at parasitten lakselus og smittestoff driv inn i anlegget. Det stikk fem til ti meter ned i sjøen, og kan heisast opp og ned manuelt. Skjoldet er spesielt nyttig i den kalde årstida, når leppefisken oppdrettarane bruker for å halde lakselusa i sjakk er lite aktiv. Det første forsøka med skjoldet gav gode resultat, og dermed tok det av.
Skjoldet er utvikla hos Plany og 2014 var det første året skjolda frå kom i sjøen i større omfang.
I år hadde Waagan og salsdirektør Kenneth Brandal vona dei skulle skulle selje mellom 50 og 60 luseskjold. Hittil har dei seld rundt 130.
Oppdrett viktigast
Oppdrettsnæringa er blitt den viktigaste kunden for Plany. Sande-bedrifta med 17 tilsette er ei av dei oppdrettarane ser til i jakta på metodar som kan begrense problemet med lakselus, ein krepseart som lever som ein parasitt på laksen.Oppdrettsnæringa har gitt lakselusa ein langt større fiskebestand å leve på, og parasitten er og eit problem for dei ville laksebestandane.
Stadig strengare krav til oppdrettarane, kombinert med at lakselusa er blitt meir motstandsdyktig mot behandling med kjemikaliar, gir bedrifter som Plany nye sjansar.
Flytande vassdeponi
Plany sitt mest etablerte produkt er eit formsydd avlusingskjørt som blir trekt utanpå oppdrettsanlegget, som og gjer anlegget til eit lukka anlegg - slik reglane krev før oppdrettarane kan behandle fisken med kjemiske midlar som tek knekken på lakselusa.Det tredje store produktet for oppdrettsnæring er flytande ferksvassbasseng. Ferskvatn er eit effektiv hjelpemiddel i ein av behandlingsmetodane mot lakselus, og ferskvassbassenget reduserer tida brønnbåtane brukar på å fylle og frakte ferskvatnet dit det skal.
Satsar på nyutvikling
Presenningprodukta til Plany er fulle av spesialutvikla detaljar, som er avgjerande for at dei kan tole belastninga som blir utsett for.Waagan seier det er avgjerande å heile tida utvikle seg for å henge med i konkurransen. No jobbar Plany mellom anna med å vidareutvikle luseskjoldet, blant anna ved å kombinere det med sensorar som måler tilstanden i oppdrettsanlegget og kombinere det med utstyr som gjer det råd å heve og senke skjoldet maskinelt, når det til dømes er er behov for å auke innstrøyminga av oksygenrikt vatn.
Publisert: 26.03.2015 10:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:42