Ser lysning etter nytt blytungt aar
VERDISKAPING: Prestisjeskipet Color Hybrid er forseinka frå Ulstein, men i årsrapporten vert det vist til dei store ringverknadene kontrakten har, blant anna med over 150 underleverandørar og fem arbeidsplassar for kvar verftstilsett. Til høgre ser vi skroget til det første av minst to cruiseskip til Lindblad, og til venstre eit offshore vindskip.
Nytt

Ser lysning etter nytt blytungt år

2018 vart det fjerde året med store tap for Ulstein Group. Omstilling har kosta, men no ser konsernleiinga lysning.

21.06.2019
Ulstein Group hadde ei samla omsetning på vel 1,8 milliardar kroner i 2018, opp frå 1,1 milliardar året før.
Resultatet før skatt vart på minus 310 millionar, mot minus 359 millionar i 2017.
På fire år har det samla tapet vore på formidable 1,3 milliardar kroner.
Dette går fram av årsmeldinga for konsernet.

Trur på vind og cruise

Omstilling til nye segment etter offshorenedturen har kosta dyrt, og har tatt tid.
Men ein har lukkast å få eit solid bein innanfor offshore vind og ekspedisjonscruise, i tillegg fått kontraktar både til kabelleggingsfartøy, tungløftsfartøy, passasjerferjer og RoPax.
No ser konsernleiinga lysning, spesielt innanfor offshore vind og cruise, men ein strekar samstundes under at det framleis er sterkt behov for tiltak for å kutte kostnader og drive meir effektivt.

Solid ordrebok

Ordreboka ved starten på året var på vel 3,2 milliardar kroner, men ingen av dei siste kontraktane er med kundar som Ulstein kjende til før 2014.
Størst utfordringar har Ulstein Verft hatt, med eit tap på 93 millionar kroner i fjor, men også design og andre område hadde betydelege tap.
Dette førde blant anna til at fleire aksjonærar i fjor tilførde ny kapital gjennom konvertible lån, som ved årsskiftet vart omgjorde til eigenkapital.

539 tilsette

Det ligg ei rekkje selskap under Ulstein Group, og totalt var det ved siste årsskifte 539 tilsette i konsernet.
Ved forretningsområdet Design & Solutions var det 130 tilsette, fordelt på 73 i Ulsteinvik og 57 i dotterselskap utanfor Norge, blant anna i Polen, Nederland og fleire stader i Kina.
Ulstein Design & Solutions leverte i i fjor design til fem skip; to skip frå Ulstein Verft, to skip frå verft i Kina og eitt skip frå verft i Japan.
Som ein del av omstillinga vart forretningsområdet Ulstein Power & Control avvikla, medan Ulstein Blue CRL vart innlemma i Design & Solutions for å redusere kostnader og styrke satsinga på service, ettermarknad og retrofit.

337 eigne tilsette på verftet

Innanfor Shipbuildng var det ved årsskiftet 337 tilsette, i tillegg til seks lærlingar og fire TAF-elevar.
Innanfor dette forretningsområdet ligg Ulstein Verft, Ulstein Elektro Installasjon og Ulstein Hull.

Selde skip

I tillegg har konsernet forrretningsområdet Shipping, som gjennom dotterselskapet Blue Ship Invest har eigd PSV-en Blue King som no er seld til det nye Farstad-selskapet.
I tillegg eig Blue Ship Invest søsterskipet Blue Queen (no Kasteenborg) som er utleigd i seks år til eit nederlandsk selskap.

Ulstein Group består også av forretningsområda Ulstein Blue CTRL, som leverer automasjons- og kontrollsystem, samt av Ulstein Eiendom.

Store ringverknader

I årsmeldinga viser Ulstein Group også til den store verdiskapinga som skjer gjennom at det vert bygt skip ved verftet. Blant anna for bygginga av Color Hybrid vert det skapt fem arbeidsplassar for kvar arbeidsplass på verftet. Der er i tillegg over 150 underleverandørar til hybridferja, der meir enn 70 prosent er norske.
Konsernet har 604 aksjonærar, der Ulstein-søskena Gunvor, Tore, Ingerid, Idar Marius og Vegard bak familieselskapet Ulsmo eig 63,9 prosent.
Eigenkapitalen for konsernet var ved årsskiftet på 607 millionar kroner.

Publisert: 21.06.2019 12:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36