Nytt
Stor interesse for klimavennlege hurtigbåtar
Søknad om støtte på 12 millionar til batterielektrisk hurtigbåt mellom Langevåg og Ålesund.
23.10.2019
(NPK): Miljødirektoratet har fått 11 søknader om støtte til utsleppsfrie hurtigbåtsamband gjennom ordninga Klimasats.
– Vi står framfor ein nullutsleppsrevolusjon på hurtigbåtar. Interessa er stor for å vere med på denne omstillinga, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) i ei pressemelding.
Klimasats er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil kutte utslepp av klimagassar. For 2019 er det sett av 24 millionar kroner til ordninga for å kutte utslepp frå hurtigbåtar. Miljødirektoratet har fått elleve søknader på til saman 73,4 millionar.
Søknadene er frå ni fylkeskommunar, ein kommune og kollektivselskapet Ruter i Oslo-området.
Blant anna har Sogn og Fjordane fylkeskommune, som allereie har lyst ut anbod på nullutslepps hurtigbåt, søkt om nesten 5.5 millionar kroner.
Møre og Romsdal fylkeskommune har søkt om 12 millionar til batterielektrisk hurtigbåt mellom Langevåg og Ålesund.
Rogaland fylkeskommune har søkt om 12 millionar kroner i støtte til ombygging av hurtigbåt til batterielektrisk drift.
Kven som frå støtte blir bestemt i desember i år. I forslag til statsbudsjett for 2020 har regjeringa sett av 77 millionar kroner til grøn skipsfart.
(©NPK)
– Vi står framfor ein nullutsleppsrevolusjon på hurtigbåtar. Interessa er stor for å vere med på denne omstillinga, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) i ei pressemelding.
Klimasats er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil kutte utslepp av klimagassar. For 2019 er det sett av 24 millionar kroner til ordninga for å kutte utslepp frå hurtigbåtar. Miljødirektoratet har fått elleve søknader på til saman 73,4 millionar.
Vil elektrifisere Langevåg-båten
På lista over søknader står både bygging av nye hydrogendrivne hurtigbåtar og ombygging til batteridrift eller forprosjektering.Søknadene er frå ni fylkeskommunar, ein kommune og kollektivselskapet Ruter i Oslo-området.
Blant anna har Sogn og Fjordane fylkeskommune, som allereie har lyst ut anbod på nullutslepps hurtigbåt, søkt om nesten 5.5 millionar kroner.
Møre og Romsdal fylkeskommune har søkt om 12 millionar til batterielektrisk hurtigbåt mellom Langevåg og Ålesund.
Rogaland fylkeskommune har søkt om 12 millionar kroner i støtte til ombygging av hurtigbåt til batterielektrisk drift.
Kven som frå støtte blir bestemt i desember i år. I forslag til statsbudsjett for 2020 har regjeringa sett av 77 millionar kroner til grøn skipsfart.
(©NPK)
Publisert: 23.10.2019 07:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42