Tiltale etter Aurstad konkurs
VEKST: K.A.Aurstad vaks til over 200 tilsette etter at selskapet blei ett av selskapa som bygde ny E6 sør for Otta i Gudbrandsdalen, men greidde ikkje å oppretthalde like høg aktivitet då den jobben var gjort. I dag driv konsernet vidare med to datterselskap, Aurstad Maskinutleige og Aurstad Tunnel.
Nytt

Tiltale etter Aurstad-konkurs

Maskinpark seld langt under marknadspris før konkursen, meiner Økokrim. Erkjenner ikkje straffskuld, seier forsvarar.

25.01.2021
Økokrim har sett Cato Aurstad under tiltale for "på vegne av skyldner å ha foretatt en uforsvarlig handling som var egnet til å hindre at et formuesgode kunne tjene til dekning for en eller flere fordringshavere, og skyldneren sto i påtakelig fare for å bli insolvent."
"Formuesforringelsen er grov fordi den gjaldt et betydelig beløp", ifølgje tiltalen.
Økokrim starta etterforsking av "en tidligere ledende ansatt" etter at bostyreren i konkursboet etter K.A. Aurstad AS melde salet til Økokrim, skriv Økokrim i ei pressemelding. Av tiltalen går det fram at det er Cato Aurstad, som er største eigar.
Utganspunktet er at maskinparken til K. A. Aurstad var seld til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige i oktober 2018 før konkursen i K.A. Aurstad i desember 2018.
Tiltalen har ei strafferamme på seks år.

Ikkje straffeskuld og underpris

Forsvarar Vegard Aaløkken seier Cato Aurstad hadde venta at Økokrim la vekk saka.
- Han erkjenner ikkje straffeskuld. Han er både overraska og skuffa over å bli tiltalt, og hadde forventa ein henleggelse, seier Aaløkken.
Ifølgje Aaløkken var det eit informert og samla styre i K.A. Aurstad som vedtok transaksjonen.
Forsvaret er heller ikkje samd i at maskinparken vart seld til underpris. Transaksjonen skjedde basert på juridisk og reknskapsmessig råd og det er heilt vanleg med rabattar når maskinparkar vert seld samla, slik som i dette tilfelle.

Forhandla med bustyret

Bustyret ville ikkje godkjenne transaksjonen som skjedde i oktober 2018 og meinte Aurstad Maskinutleige ikkje hadde oppnådd rettsvern for kjøpet av maskiner og utstyr, og at maskiner og utstyr difor var ein del av verdiane som tilhøyrde buet.
Etter omfattande diskusjonar og forhandlingar mellom buet at Aurstad Maskinutleige enda det med eit forlik 22. desember 2018. I forliket vart verdien av maskinene sett til 40 millionar kroner, og Aurstad Maskinutleige fekk behalde omlag ein fjerdepart av dei omstridde maskinene og utstyret for 9,5 millionar kroner.

Forretningmessige vilkår

Bustyrar melde salet av store deler av maskinparken frå konkursråka K.A. Aurstad til søsterselskapet til Økokrim, . Salet skjedde på forretningsmessige vilkår og selskapet gjennomførte ein open prosess og fekk både ei ekstern verdivurdering og hadde omfattande juridisk og økonomisk rådgiving gjennom heile prosessen, sa selskapet til NETT NO.
Bustyrar var ikke samd i selskapet si vurdering:
"I forbindelse med salget av de aktuelle eiendelene til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige as, har boet imidlertid avdekket potensiell straffbar overtredelse av straffeloven paragraf 404. Straffebudet rammer visse handlinger som innebærer formuesforringelse ved insolvens. Den mulige straffbare overtredelsen består av salg til underpris, kort tid før konkursåpning. Boet så seg nødt til å anmelde ovennevnte forholdt til Økokrim, som følger opp saken videre" heitte det i årsredegjørelsen frå bustyret etter konkursen i enterprenørselskapet K.A. Aurstad.

Sentral rolle

Økokrim meiner Cato Aurstad hadde ei sentral rolle i salet av maskinparken og at maskinpark og utstyr var selg for inntil 60 prosent under marknadspris, ifølgje tiltalen:
"Den 4. oktober 2018 ble det inngått avtale mellom K A Aurstad AS, org nr 937 280 750 som selger og søsterselskapet Aurstad Maskinutleige AS, org nr 920 935 001 som kjøper om overdragelse av eiendeler tilhørende K A Aurstad AS for kr. 20 000 000. Som styremedlem deltok han i avtaleinngåelsen. I forkant av transaksjonen var han ansvarlig for en utilfredsstillende verdsettelsesprosess, samt medvirket til at det ble gitt rabatt på salgssummen, hvilket resulterte i at eiendelene ble solgt for inntil ca. 60 % under reell markedspris. K A Aurstad AS var i en meget utfordrende økonomisk situasjon ved transaksjonen og selskapet gikk konkurs 6. desember 2018."

Konflikt med rådgivar

Aurstadkonsernet brukte advokatfirmaet DLA Piper som rådgivar i samband med salet av maskinparken. Etter at bustyrar ikkje godkjende salet gjekk Aurstad Maskinutleige til sal mot DLA Piper og kravde erstatning. Det kravet var Oslo tingrett samd i og dømde DLA Piper til å betalt 8,5 millionar kroner til Aurstad Maskinutleige.
DLA Piper anka, men dommen i ankesaka er ikkje klar.

Bustyret arbeider framleis med konkursen. I den siste årsrapporten til skifteretten, skriv bustyret at det er kome inn krav på tilsaman 550 millionar kroner. 430 millionar kroner av desse krava er såkalla usikra krav, og bustyret meiner det er nok pengar i buet til at ein del av dei usikra krava kan betalast attende.

Dagleg leiar Jo-Stian Tverberg i Aurstad-konsernet seier selskapet har vore i dialog med alle foretningspartnarar og at "det er ikkje nokon grunn til at dette skal påverke våre leveransar på noko måte". Cato Aurstad er no driftsansvarleg i Aurstad Tunnel.
Han erkjenner ikkje straffeskuld. Han er både overraska og skuffa over å bli tiltalt, og hadde forventa ein henleggelse

Publisert: 25.01.2021 14:10

Sist oppdatert: 13.04.2021 16:09

Mer om