NTB W1 Sqi Zekux A 1
FEIL: Forskar Camilla Martha Ihlebæk (innfelt) meiner det er ein myte at den yngste generasjonen er lat og har låg arbeidsmoral. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK/ Privat/NPK.
Nytt

Kva skal vi gjere med generasjon Z?

Forskar meiner statistikken slår hol på mytane og oppskrifta på korleis ein skal møte den nye arbeidsstokken.

– Vi har oppdratt ein generasjon som også stiller krav. Eg trur det er vanskeleg for oss å takle at det kjem krav tilbake.

Det sa leiaren på Institutt for folkehelsevitskap ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), Camilla Martha Ihlebæk i eit innlegg på seminaret Endringsloggen nyleg.

Ho meiner statistikken motbeviser oppfatningane om at generasjon Z er lat og har låg arbeidsmoral.

Den late generasjonen

Tenåringar og folk som er i tjueåra har vore i hardt vêr den siste tida. Generasjon Z, som dei heiter, er fødde nokolunde mellom 1995 og 2012.

Om ikkje det var NHO som starta debatten, gav dei han i alle fall ein god dytt i ryggen då dei på seinhausten i fjor undersøkte haldningane som bedriftsleirar har til generasjon Z.

Der kom det fram at meir enn to tredelar meiner at dei er meir krevande å leie enn tidlegare generasjonar, meir enn halvparten meiner at dei har høgare forventningar til fleksibilitet og balanse mellom arbeid og fritid, og nesten halvparten meiner at dei har lågare arbeidsmoral og motivasjon.

Ihlebæk, som har sett på sysselsettingstala, meiner det står betre til med den yngre delen av arbeidsstokken.

– Det har vore snakk om den late generasjonen. I aldersgruppa 20–24 år er det 68 prosent som er sysselsette. I aldersgruppa 55–65 prosent, er det 69 prosent. Og det er jo ikkje så veldig forskjellig, seier Ihlebæk og viser til tal frå Statistisk sentralbyrå.

– I tillegg er det sånn at fleire enn nokon gong, i Ungdata-undersøkingane for ungdomsskule og vidaregåande trenar i idrettslag eller for seg sjølve. Og fleire enn nokon gong er med på fritidsaktivitetar. Så dette med at dei er så late trur eg ikkje så mykje på, seier forskaren.

Faktaboks: Kva slags generasjon er du?

* Den stille generasjonen – født mellom 1928 og 1945

* Babyboomer – født mellom 1946 og 1964

* Generasjon X – født mellom 1965 og 1980

* Millennial (Generasjon Y) – født mellom 1981 og 1996

* Generasjon Z – født mellom 1997 og 2010

* Generasjon Alpha – født etter 2010

Tre råd i møte med gen Z

Gunnar Jakobsen er lærar, føredragshaldar, og ekspert på relasjonsbygging. Han stiller spørsmål ved om det er generasjon Z som er vanskeleg å leie, eller om leiinga er gammaldags.

– Dei har blitt oppfordra til kritisk tenking, elevmedverking og meiningsfull undervisning. Så blir dei unge vaksne og får kjeft for det same som skulesystemet har oppfordra dei til å bli gode på.

Jakobsen har vore lærar for alle årskulla til generasjon Z og komme fram til tre tips for bedriftsleiarar som møter den yngre generasjonen i arbeidslivet.

– Det handlar om å bli sett, om å bli anerkjend, og om å oppleve seg sjølv som ein verdi.

Læraren meiner det er det same som gjeld uansett kor gammal ein er. Han legg også til at generasjon X, som han tilhøyrer, ikkje var noko betre.

– På 90-talet gjekk vi på raveparty og knipsa ecstasy-piller. Det var vår generasjon som tente på kyrkjer. Foreldregenerasjonen vår stod ikkje å heia på oss heller, seier han og presiserer at han personleg ikkje gjorde dei tinga.

Nokon må skjerpe seg

Fagsjef for politikk og kommunikasjon i NHO Oslo & Viken, Hildegunn Fallang, meiner tala frå NHO-undersøkinga er interessante, men vil heller ikkje vere med på at generasjon Z må skjerpe seg.

– Viss generasjon Z må skjerpe seg er det fleire andre som må det òg. Då må bedriftsleiarane også skjerpe seg, seier ho.

Fallang, som sjølv kallar seg millennial, meiner bedriftene må lære av dei unge.

– Dei fleste bedriftsleiarar har også eit publikum, ei kundegruppe dei vil nå. Ho består av stadig fleire frå generasjon Z. Då treng ein nokon som kjenner og kan snakke med den gruppa på ein god måte.

Ihlebæk trur det alltid vil vere den eldre generasjonen sitt privilegium å bekymre seg for den neste generasjonen.

– Samtidig er det ungdommen sitt privilegium å tenke at det er ingen som har hatt det så ille som oss, seier ho.

Publisert: 09.04.2025 09:53

Sist oppdatert: 09.04.2025 15:41

Mer om