Nytt
Traff blink i Ålesund
Om sommaren står Ålesund-avdelinga til 70 prosent av inntektene til turguideselskapet Uteguiden.
31.07.2019
- Vi er veldig happy med den. Det har gått over forventningane, seier dagleg leiar og eigar av Uteguiden, Oscar Almgren, om etableringa i Ålesund.
Almgren etablerte Uteguiden i 2008, med base på Stranda. Heilt fram til i fjor sommar var vinteren høgsesong for selskapet, men no fordeler inntektene seg omlag 50/50 mellom vinter- og sommarsesong, mellom anna takka vere veksten som kom etter etableringa i Ålesund våren 2018.
I sommar har Algren sju turguidar i sving frå avdelinga i Ålesund og to frå Stranda.
Medan vinterkundane kjem for å gå topptur og har rusta seg for det, er mange av kundane om sommaren turistar der tenestene frå Uteguiden berre er ei av opplevingane under opphaldet på Sunnmøre. Det betyr at Uteguiden når ei anna kundegruppe om sommaren enn om vinteren. Kajakkutleige, med eller utan guida tur, står for omlag 80 prosent av inntektene frå Ålesundsavdelinga. Kajakkpadling krev lite trening, erfaring og utstyr for kundane og Almgren arbeider med å utvikle fleire slik lågterskeltibod også om vinteren og med tilbod som kan lokke kundar også i dårleg vêr.
Vinteren 2018/2019 var ikkje like lang og stabil, og gjorde at 2019 ikkje starta like godt som 2018. Men sommaren i år er minst like god som i fjor, og Almgren anslår at reknskapen for 2019 vil vise omlag same tal som 2018.
Selskapet haustar og fruktene av samarbeid med nye agentar og turoperatørar.
Almgren etablerte Uteguiden i 2008, med base på Stranda. Heilt fram til i fjor sommar var vinteren høgsesong for selskapet, men no fordeler inntektene seg omlag 50/50 mellom vinter- og sommarsesong, mellom anna takka vere veksten som kom etter etableringa i Ålesund våren 2018.
Vekst
Turguideselskapet Uteguiden blei kåra til årets reiselivsbedrift av Innovasjon Norge i fjor og har gått frå tre million kroner i driftsinntekter i 2016 til 8,4 millionar kroner i 2018 (sjå tabell - på mobil finn du tabellen nederst på sida).I sommar har Algren sju turguidar i sving frå avdelinga i Ålesund og to frå Stranda.
Medan vinterkundane kjem for å gå topptur og har rusta seg for det, er mange av kundane om sommaren turistar der tenestene frå Uteguiden berre er ei av opplevingane under opphaldet på Sunnmøre. Det betyr at Uteguiden når ei anna kundegruppe om sommaren enn om vinteren. Kajakkutleige, med eller utan guida tur, står for omlag 80 prosent av inntektene frå Ålesundsavdelinga. Kajakkpadling krev lite trening, erfaring og utstyr for kundane og Almgren arbeider med å utvikle fleire slik lågterskeltibod også om vinteren og med tilbod som kan lokke kundar også i dårleg vêr.
Betre vinter
Veksten i driftsinntekter fjor skuldast delvis den gode vinteren 2017/2018, med ein lang og stabil skisesong.Vinteren 2018/2019 var ikkje like lang og stabil, og gjorde at 2019 ikkje starta like godt som 2018. Men sommaren i år er minst like god som i fjor, og Almgren anslår at reknskapen for 2019 vil vise omlag same tal som 2018.
Selskapet haustar og fruktene av samarbeid med nye agentar og turoperatørar.
Publisert: 31.07.2019 12:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38