Trur det som er nede kjem opp
OPPE: Trass aksjeverdiane var Per Sævik (t.v.) i godt humør etter å ha høyrt på filosof Henrik Syse sitt bodskap på Haugeseminaret. 
Nytt

Trur det som er nede, kjem opp

– Det er jo nesten ingen verdas ting, utbraut Per Sævik då NETT NO spurte kva han tenkte om børsverdien på selskapa deira – med nye tap før helga.  

Marius Rosbach
28.10.2019
Per Sævik og familieselskapet Havila Holding er majoritetseigar i tre børsnoterte selskap: Havyard Group, Havila Shipping og Fjord1. Alle tre har hatt sterke fall i år, og aller mest Havyard Group.
Aksjetapa til selskapa til Sævik-familien la likevel ingen dempar på feiringa av Haugeseminaret i helga.
– Vi tek til etterretning at store delar av børsverdiane er borte vekk, både med oss og mange andre reiarlag. Men livets lov er gjerne slik at det som er nede, kjem opp, og det som er oppe, skal ned. Det er ein enkel filosofi, men slår til hundre prosent, seier Sævik vidare til NETT NO.

Meir om Haugeseminaret:


Rekordlåge verdiar

For Havyard Group var børskursen 11 kroner for eitt år sidan, no 3,30. Fallet på årsbasis er 70 prosent, og børsverdien er nede i rekordlåge 81 millionar kroner.
Aksjen var børstapar fredag etter i Leirvik.

Les også:



Havila Shipping kjempar for å overleve, forhandlar med bankane, og er no prisa til 3,11 kroner – ned 27 prosent i år – og heile selskapet er prisa til berre vel 70 millionar.

– Fjord1 viktig

I tillegg kjem Fjord1-investeringa. Den aksjen har klart seg bra i dag, men er ned 16 prosent siste året. Her er børsverdien 3,5 milliard, der Sævik & co har halvparten.
– Fordelen vår i dagens situasjon er at vi har fleire bein å stå på. Fjord1 har vore utroleg viktig i den perioden vi har hatt med offshorereiarlaga. Det har vore fem frykteleg tunge år. Då er det bra at eigedomsselskapet og Fjord1 går bra. Det balanserer litt. Men vi ser også med forventning fram til neste år i offshore. Vi trur det kan bli brukbart, legg han til.
Havila Holding er også største aksjonær i Axxis, og var med på kriseemisjon på lave seks kroner. Etterpå har kursen falle 15-20 prosent.
Bygginga . Så det går opp og ned, i det siste mest ned.

Les også:





Vi ser også med forventning fram til neste år i offshore. Vi trur det kan bli brukbart

Publisert: 28.10.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43