Utfordrar regjeringa om permisjonsregel
UTFORDRA STATSMINISTEREN: Tillitsvalt Magne Melsæter tok sjølv opp spørsmålet om å fjerne 60 prosent-regelen under eit webinar med statsminister Erna Solberg i sommar. 
Nytt

Utfordrar regjeringa om permisjonsregel

Hotelltillitsvalt i Ålesund er glad for utviding av permisjonstida, men peiker på ein regel han meiner hindrar folk i å kome tilbake i nær full stilling.

Marius Rosbach
14.08.2020
Torsdag blei det klart at regjeringa til å gjelde 52 veker. Det er «fantastiske nyheiter», meiner tillitsvalt Magne Melsæter ved Scandic Parken-hotellet i Ålesund.
– Her er det mange som har gjort ein fantastisk jobb, seier ein takksam klubbleiar til NETT NO etter å ha fått vite om endringa.
Han meiner permisjonstid på eitt år både vil gjere det føreseieleg for dei permitterte og sørge for at bedriftene held på kompetanse dei er avhengige av på sikt.
Regjeringa la torsdag ut som forklarer korleis dei ser føre seg endringa. Mellom anna blir det innført ein ei ny periode på fem dagar, der arbeidsgjevar betalar for dei som har vore permittert i 30 veker.

Vil ha vekk 60 prosent-regel

Éin ting har likevel klubbleiaren vanskeleg for å forstå: Kvifor regjeringa ikkje kan fjerne regelen som seier at støtta frå NAV forsvinn om ein arbeidstakar jobbar meir enn 60 prosent.
– Denne regelen gjer det vanskeleg for folk i vår bransje å komme nærast mogleg ei full stilling. I praksis blir det slik at timane i staden gjerne går til ei tilkallingsvakt når ein tilsett kjem opp i 60 prosent av full stilling. Tilkallingshjelpa er ikkje permittert, og kan jobbe utan ein slik regel, påpeiker han.
Klubbleiaren trur ei endring vil gjere at dei som er permitterte kjem raskare tilbake i full stilling.

Ingen meirkostnad for bedriftene

Melsæter foreslår i staden at ein permittert bør få jobbe så mykje som mogleg – opp til full stilling – og at NAV bør dekke det resterande.
– Om du jobbar 80 prosent, så kan NAV dekke 20 prosent. Dette vil bli billegare for NAV, og gir ingen auka kostnad for bedrifta. For arbeidsgjevar er det berre snakk om kven som skal få timane, forklarar han.
Han påpeiker at ekstrahjelpa sin arbeidskraft då vil vere tilgjengeleg for andre.
Les også:

Utfordra statsministeren på webinar

Klubbleiaren utfordra sjølv Erna Solberg til å gjere ei slik endring då han deltok på eit webinar med statsministeren om situasjonen i reiselivet tidlegare i sommar.
– Svaret eg fekk frå Solberg var at ho var usikker på kor mykje meir ho kunne belaste arbeidsgjevarane. Det er eit svar som eg ikkje forstod då – og heller ikkje forstår etter at eg har drøfta saka med min direktør, legg han til.
Melsæter beit seg merke i at statsministeren uttalte til VG som meldte nyheita torsdag, at ho var oppteken av at arbeidsgjevarane «reelt sett må vurdere om dei skal behalde folk permittert, eller om arbeidskrafta skal gjerast disponibel for andre».
Då meiner klubbleiaren ei fjerning av 60 prosent-regelen også vil vere logisk.

Fleire ekspertar kritiske

Fleire ekspertar stiller spørsmål ved om forlengd permisjon er riktig medisin.
– Eg er skeptisk til dette. Ein låser arbeidskrafta inne, og dette kan ha betydelege kostnader, seier samfunnsøkonomi Espen R. Moen ved Handelshøyskolen BI til NTB.
Han siktar mellom anna til at arbeidstakarane kunne fått seg andre jobbar, og at ein dermed kunne utnytta ressursane betre.
Også i juni åtvara Moen og BI-kollegaene Gisle J. Natvik og Espen Henriksen mot å forlengje permisjonsordningane.
– Frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv er det betre at arbeidarar produserer noko enn ikkje noko. Vi er derfor redd for at bedriftene vil permittere fleire enn det som er samfunnsøkonomisk lønnsamt, skreiv dei tre i eit innlegg i Dagens Næringsliv.
– Eg kan ikkje sjå at det har komme nokre nye argument for å utvide permisjonstida, seier Moen.

Les også:



Synspunkt:


Denne regelen gjer det vanskeleg for folk i vår bransje å komme nærast mogleg ei full stilling

Publisert: 14.08.2020 11:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01