Verdset Hexagon Purus til minst fem milliardar
MINST FEM MILLIARDAR: Hexagon Purus-sjef Morten Holum får snart svar på om investorane i aksjemarknaden er samd at selskapet er verdt mellom fem og 5,5 milliardar kroner. Kapitalinnhentinga på 750 millionar kroner skal vere i mål i morgon ettermiddag.
Nytt

Verdset Hexagon Purus til minst fem milliardar

Hentar inn nye pengar før børsnotering.

03.12.2020
Hexagon Purus er i gang med å hente inn inntil 750 millionar kroner i ei kapitalutviding som verdset selskapet til minst fem milliardar kroner.
Meklarselskapa Carnegie og Skandinaviske Enskilda Banken er leigd inn for å få investorar til å gå inn med ny eigenkapital i Hydrogen Purus gjennom ei såkalla privat plassering. Planen er å vere i mål i morgon, torsdag 3. desember klokka 16:30.
Går det som Hydrogen Purus håpar blir investorane med på ein aksjekurs som gir dei mellom 13,6 og 15 prosent eigarandel i Hydrogen Purus. Det vil verdsette selskapet til mellom 5,5 og fem milliardar kroner.

Skil ut datterselskap

Hydrogen Purus er eit datterselskap av Hexagon Composites, der Flakk-familien i Ålesund er stor aksjonær og Knut Flakk styreleiar. Kapitalutviding som blir gjort no er en del av arbeidet med å skill ut og børsnotere Hexagon Purus.
Hexagon Composites har samla satsinga si på drivstofftankar- og system for hyrogen i Hexagon Purus, og målet med å skille ut verksemda er båd å få fram verdiane i hydrogen-stasinga og å reindyrke dei ulike delane av Hexagon Compositet. Det som blir att i Hexagon Composites er produksjon og utvikling av drivstofftankar og-system for natrturgass, frå store mobile lagertankar, via drivstoffanlegg for bussar og lastebilar, båt og tog, til små gassgrilltankar som nordmenn først og fremst kjenner frå gassgrillar.

Milliardbedrift

Hexagon Purus håpar at selskapet blir tatt opp til notering kort tid etter at kapitalinnhentinga er fullført, og kan ha sin første handledag rundt 14. desember.
I fjor hadde hydrogen-verksemda i Hexagon Composites 76 millionar kroner i driftsinntekter og gjekk i minus.
I 2025 skal driftsinntektene til Hexagon Purus vere på fire-fem milliardar kroner og selskapet skal ha ein tosifra ebitda-margin, ifølgje eit prospekt som blei sendt ut frå Hexagon Composites 19. november i år. (Ebitda betyr driftsresultat før av- og nedskriving. Ebitda i prosent av driftsresultat er ebitda-margin)

Publisert: 03.12.2020 16:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07