Nytt
– Vi kjem ikkje med pengar no
Næringsminister Iselin Nybø (V) ber reiselivet slutte å kalle situasjonen sin for krise.
21.08.2020
NETT NO/NPK-NTB: Regjeringa kjem ikke med nye krisepakkar til reiselivet med det første. – Vi må heller finne ut korleis vi skal leve med dette, seier næringsministeren.
Statsråden var på besøk hos aktørar innan reiseliv og restaurantbransjen i Bergen for å høyre korleis det har gått sidan koronarestriksjonane vart innførte 12. mars. Nybø var klar på at det ikkje kjem nødhjelp med det første, melder .
– Vi får seie det som det er – vi kjem ikkje med pengar no, seier ho.
– Reiselivet treng no ei form for «marshallhjelp» som kan bidra til å halde oppe strukturen med store og mindre selskap, sa han Mjelva.
Mjelva trur at mange av bedriftene som utgjer underskogen i bransjen, vil gå over ende om dei ikkje får hjelp vidare. Han meiner dei små aktivitets- og opplevelingsbedriftene får det aller tyngst.
– Dette er den nye normalen, og vi må finne ut korleis vi skal leve med han, seier statsråden.
Ho meiner permitteringsordninga var det viktigaste tiltaket for reiselivsordninga, og fortel at regjeringa no skal sjå på om det er behov for forlenging av ordninga.
Geir Pollestad (Sp), som leier Stortingets næringskomité, kallar Nybøs linje overraskande passiv.
– Eg vil i dag sende eit spørsmål til næringsministeren og be henne komme med økonomiske tiltak. Eg blir veldig overraska om Frp, H, KrF og V i næringskomiteen er samde i den passive linja frå statsråden, skriv Pollestad til NTB.
Statsråden var på besøk hos aktørar innan reiseliv og restaurantbransjen i Bergen for å høyre korleis det har gått sidan koronarestriksjonane vart innførte 12. mars. Nybø var klar på at det ikkje kjem nødhjelp med det første, melder .
– Vi får seie det som det er – vi kjem ikkje med pengar no, seier ho.
Ba om "marshallhjelp"
Sindre Mjelva ved Hotel Union Geiranger ba i NETT NO torsdag 20. august om at krisehjelpa til reiselivet som er innført må gjelde vidare ut året og inn i 2021.– Reiselivet treng no ei form for «marshallhjelp» som kan bidra til å halde oppe strukturen med store og mindre selskap, sa han Mjelva.
Mjelva trur at mange av bedriftene som utgjer underskogen i bransjen, vil gå over ende om dei ikkje får hjelp vidare. Han meiner dei små aktivitets- og opplevelingsbedriftene får det aller tyngst.
Vurderer permitteringsreglar
Medan aktørar i bransjen i møtet i Bergen bad næringsministeren om ei kompensasjonsordning slik at dei kan overleve fram til neste sommar, ber Nybø aktørane vere kreative og finne nye løysingar.– Dette er den nye normalen, og vi må finne ut korleis vi skal leve med han, seier statsråden.
Ho meiner permitteringsordninga var det viktigaste tiltaket for reiselivsordninga, og fortel at regjeringa no skal sjå på om det er behov for forlenging av ordninga.
Geir Pollestad (Sp), som leier Stortingets næringskomité, kallar Nybøs linje overraskande passiv.
– Eg vil i dag sende eit spørsmål til næringsministeren og be henne komme med økonomiske tiltak. Eg blir veldig overraska om Frp, H, KrF og V i næringskomiteen er samde i den passive linja frå statsråden, skriv Pollestad til NTB.
Publisert: 21.08.2020 08:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01