Birgitte Grongstad Kvalsvik Rita Saevik Elling Reitan foto Privat
STILLER UT: Birgitte Grongstad Kvalsvik (f.v.) og Rita Sævik frå Galleri R/ART saman med kunstnaren Elling Reitan. Utstillinga i Herøy vil innehalde kring 40 verk. Foto: Privat
Nytt

Herøy-galleri stiller ut kjent kunstnar for siste gong

Rita Sævik driv ikkje galleri for pengane sin skuld. Det trur ho også er ein av suksessfaktorane.

Marius Rosbach
15.04.2025

I løpet av nokre få år har Galleri R/ART i Herøy etablert seg som ein av dei største kunstaktørane på Nordvestlandet. 

Galleriet som held til på Horisont Fosnavåg-bygget, har hatt utstillingar med kjente namn som Håkon Bleken, Nico Widerberg og Kenneth Blom. 

1. mai opnar kan dei skilte med eit nytt kjent namn på plakaten, når dei opnar utstilling med verk av Elling Reitan. 

– At dette vesle galleriet i Fosnavåg får kunstnarar av eit slikt kaliber hit, er eigentleg heilt utruleg, seier Rita Sævik til Nett No. 

Det blir samtidig kunstnarens siste separatutstilling, fordi sjukdom set ein stoppar for det vidare arbeidet hans, opplyser galleriet. 

– Starta ikkje dette for å tene pengar
Reiaren som dei siste åra også har vorte gallerist, meiner dei personlege opplevingane galleriet har gitt til kunstnarar og besøkande, er mellom suksessfaktorane. 

– Då Kenneth Blom blei intervjua etter å ha stilt ut her, fortalde han at «når du først har vore der oppe, så vil du aldri gløyme det», seier ho. 

Sævik fortel at det dreiar seg om alt frå utradisjonelle val for sjølve utstillingsopningane, der dei har tilhøyrande arrangement, til korleis kunstnarane blir teke vare på medan dei er på besøk. 

– Vi starta ikkje dette for å tene pengar, men fordi det er noko vi har lidenskap for, og hentar energi frå, seier ho. 

Rita Saevik Birgitte Grongstad Kvalsvik foto marius 22
STORSAL AV KUNST: Birgitte Grongstad Kvalsvik (t.v.) og Rita Sævik i lokala til Galleri R/Art. Galleriet er på kort tid blitt mellom dei største salskanalane for ny kunst på Nordvestlandet. Foto: Marius Rosbach

Performance med musikk og måling 
Også under opninga av utstillinga med Elling Reitan, får dei besøkande noko meir enn «berre» ei utstilling. 

Oda Victoria Reitan vil opne utstillinga på vegner av sin far, og delta i en målar-performance saman med operasongar Eline Korbi. 

Før opninga vil publikum få oppleve «Art X Opera», der levande penselstrøk frå kunstnarens dotter møter tonane frå klassiske perler som «Sommernatt ved fjorden» og «Solveigs song», opplyser arrangøren. 

Bildekunstnaren som er elev av Odd Nerdrum, er kjent for sitt fargerike uttrykk. Kunsten hans er kjøpt inn av alt frå Nasjonalgalleriet og det norske slottet, til musikaren Bruce Springsteen og kjendisparet Victoria og David Beckham.

Publisert: 15.04.2025 00:00

Sist oppdatert: 15.04.2025 11:55

Mer om