KANDBRUK FORSVAR montasje foto Ogne Marius
GAMLE TANKAR BLIR NYE: Korleis vere budd på det verste er på nytt blitt eit aktuelt spørsmål. Det får konsekvensar både for landbruk- og forsvarspolitikk. Foto Ogne Øyehaug/Marius Rosbach
Analyser

Betre vilkår i farlege tider

Både bønder og skipsindustrien får drahjelp av at vi har fått meir å vere redd for.

10.03.2024
ANALYSE

- Den rolege fine tida vi hadde i tre tiår, den er over, sa Elisabeth Vik Aspaker, statsforvaltar i Troms og Finnmark på den årlege landbrukskonferansen i Møre og Romsdal i Molde denne veka.

Det er krig i Ukraina, verda har vore gjennom ein koronapandemi og tilhøvet mellom Kina og Vesten har blitt dårlegare og meir spent. Desse erfaringane er grunnen til at forsvar og kriseberedskap har kome på dagsorden.

Aspaker var nestleiar i Totalberedskapskommisjonen, som leverte sin rapport i fjor sommar (klikk på lenke for å lese), ein månad etter at Forsvarskommisjonen hadde levert sin rapport.

Aspaker vart supplert på konferansen av spesialrådgivar Bjørn Martin Ørvim frå Riksrevisjonen, ein av dei som arbeidde med Riksrevisjonen si undersøkjing av matforsyningstryggleiken. Det munna ut i ein rapport og framlegg til tiltak. Rapporten vart lagt fram i oktober 2023.

Les Riksrevisjonen sin rapport her

Riksrevisjonen fann mellom anna indikasjonar på at omlag 10 prosent av jordbruksarealet ikkje er i bruk. Dessutan baserer aktive bønder seg i stor grad leigd jord frå bønder som ikkje lenger driv sitt eige gardsbruk. I Møre og Romsdal er til dømes 62 prosent av dyrka areal utleigd og Riksrevisjonen er bekymra for at det arealet ikkje blir godt nok vedlikehalde.

Omlag 60 prosent av maten vi et er importert. Dei gjeldande vurderingane av mattryggleiken har vore at vi alltid kan importere, sa Ørvim. Er vi budd om 60 prosenten sviktar?, spurde han.

Fisken er rett nok ein reserve, i og med at over 90 prosent av norsk sjømat blir eksportert. Men det er ein reserve som er vanskeleg å berekne. Oppdrettsnæringa er svært avhengig av import for å fôre laksen, og havet bli bli farleg i tilfelle krig, i tillegg til drivstofftilgangen kan bli kritisk.

Les Menonrapport om sjømatens betydning for matforsyningstryggleiken her

Både Aspaker og Ørvim peika på at talet på at det blir færre bønder. Det kan ha ein negativ effekt på det faglege og sosiale miljøet og redusere evna til å utnytte arealet på gardsbruk der eigaren legg ned drifta.

Behovet for å tenke beredskap mot krig og krise gjeld også for landbrukspolitikken, meiner Aspaker.

- Vi må tenke beredskap på ein nye måte, og at det også må gjelde landbruket, seier Aspaker til NettNo.

Ideen om at Noreg er så rikt at vi kan kjøpe oss ut av alle problem er det berre å legge vekk, meiner ho.

Aspaker vil ikkje kommentere korleis landbrukspolitikken bør blir, men seier vi treng ei klar retning i politikken for auka beredskap. Det gjeld både sjølvforsyningsgraden og sjølvforsyningsevna. Sjølvforsyningsgraden er den andelen mat vi produserer i Noreg i dag. Sjølvforsyningsevna er evna til raskt å auke sjølvforsyningsgraden, og handlar om alt frå å ta i bruk ubrukt landbruksarealar til å dyrke opp hageflekkar.

Landbrukskonferansen var den andre konferansen i på Nordvestlandet denne veka, der beredskap og konsekvensen av ei farlegare verd var tema.

Den andre konferansen var Ocean Summit, der Maritimt Forum Nordvest var vert for bransjeaktørar, politikarar og byråkratar.

Kynisk sett er krigen i Ukraina, pandemi, gryande handelskrigar og auka motsetningar generelt bra både for bønder og skipsbyggingsindustrien.

Begge næringane har no fått ei drahjelp dei kan bruke i arbeidet for å få politisk gjennomslag for å få vilkår og oppdrag som sikrar inntekt og lønsemd.

Grunnane er enkle, og dystre:

Blir mattilførselen frå utlandet strupt må vi vere i stand til å auke matproduksjonen på heimebane. Då trengst det bønder, og mange nok til å oppretthalde produksjonskapasitet over heile landet og mange nok til å utnytte jordbruksarealet som eksisterer.

Noreg skal ruste opp forsvaret, mellom anna til sjøs. Fleire Natoallierte vil gjere det same. Det betyr nye fartøy, vedlikehald og utbetringar av eksisterande fartøy, og ikkje minst eit behov for å ha skipsbyggingskapasitet innanfor eigne grenser.

Eigen skipsbyggingskapasitet har også blitt eit tema i USA, der Wall Street Journal har samanlikna den kinesiske verftsindustrien med den amerikanske. Konklusjonen er at den amerikanske kapasiteten er alt for liten om det skulle kome til konflikt.

Midt under landbrukskonferansen på fredag la regjeringa fram sin plan for å auke den norske sjølvforsyningsgraden opp til 50 prosent og få auka inntektene til bøndene fram til 2027.

Kva det konkret betyr for inntekts- og ikkje minst lønsemdsutviklinga i landbruket får bøndene og resten av av samfunnet vite meir om utover våren, når landbruksforhandlingane skal gå føre seg.

Publisert: 10.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 09.03.2024 17:40