Sofie Hoybakk foto ogne
I TENKEBOKSEN: Sofie Høybakk driv mjølkeproduksjon på Vigra. Då ho og sambuaren brått fekk ansvaret for drifta av familiegarden i 2017 gav det meirsmak, men no vurderer Høybakk om ho vil halde fram. Det er økonomien som er problemet. Foto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Prisvinnande bonde tel på knappane

For tre år sidan vart ho kåra til Årets unge bonde i Noreg. Neste år kan garden bli lagt ned.

08.03.2024

I fjor la Sofie Høybakk vekk planen om nytt fjøs ved familiegarden på Vigra.

No vurderer ho om ho skal halde fram som bonde i det heile.

– Legg eg ned no snart, så har eg gitt det eit realt forsøk, seier ho.

Frå 2034 må alle kyr kunne gå fritt omkring i fjøset. Eit nybygg med plass til omlag 30 mjølkekyr, skulle sikre at Høybakk kunne innfri kravet.

Kring 12 millionar kroner ville det koste, viste dei første grove anslaga. Den kostnaden - i kombinasjon med lønsemda på garden - sette ein effektiv stoppar for planane.

– Eg nektar å investere det, utan at eg kan vite at eg kan leve av det etterpå, seier Høybakk.

No er ho i tenkeboksa.

– Enten går vi i samdrift med naboen, eller så legg vi ned ganske snart - kanskje neste år, seier ho.

Nær ein av fire gardar vekke
Medlemsstatistikken til Bondelaget i Møre og Romsdal viser at det er mange bønder som har sagt farvel til yrket. I 2014 hadde organisasjonen 3323 medlemar, i fjor var det 2785.

Utviklinga i talet på gardsbruk i drift i fylket peikar også nedover. I 2010 var det 3043 gardar i aktiv drift, i fjor var det nede i 2320.

Det betyr at nær eitt av fire gardsbruk har avvikla eigen drift i løpet av denne perioden i fylket.

Miljøet blir uttynna
Fredag samlast bransjen til den årlege Landbrukskonferansen i regi av Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Tema er landbrukets rolle i totalberedskapen. Altså ved krig og kriser.

Les programmet her

Færre bønder har så langt ikkje ført til redusert matproduksjon. Dei som er att har auka sin produksjon. Men miljøet er i ferd med å bli uttynna.

Leiar i Bondelaget i Møre og Romsdal, Olav Håkon Ulfsnes, driv gard i den nordlege delen av Aure kommune. Der er det framleis eit miljø av bønder, men i den sørlege enden av kommunen er det slutt, fortel han.

Dermed er det heller ingen som vil ha graset på gardane til fôr, fordi dei aktive bøndene som er att, er for langt unna til at det løner seg.

Sofie Høybakk Monsgarden Vigra foto Ogne Øyehaug
ØKONOMIEN: Gardsarbeidet er framleis både meiningsfullt og interessant for Sofie Høybakk. Økonomien er utfordringa. For ikkje landsbrukskyndige: Kua står i eit apparat spesiallaga for klauvskjæring - pedikyr for kyr - , der den heng i breie stroppar medan klauvskjeraren gjer jobben sin. Foto: Ogne Øyehaug

Blei kasta inn i bondelivet
På Vigra er det no tre aktive bønder som driv med mjølkeproduksjon. Éin av desse planlegg avvikling i løpet av året, ifølgje Sofie Høybakk. Om også ho avviklar er det berre ein att.

Høybakk er økonomiutdanna og hadde arbeid i London, før ho flytta heim.

Då hadde interessa for å drive gard vakse fram att, etter ein periode då ho gjorde alt for å kome seg vekk.

I 2017 vart faren sjuk tidleg på vårparten. Høybakk og sambuaren - som nett var komen heim frå krillfiske i Antarktis, vart kasta inn bondelivet.

- Vi fann ut at det her gav meirsmak, seier ho.

Tøffare økonomi
I oktober 2018 tok ho over og på ettervinteren 2019 kom dattera til verda. I 2021 kom prisen som årets unge bonde, med ros frå dåverande landbruksminister Sandra Borch med på kjøpet.

Dei bygde ungdyrfjøs til omlag fire millionar kroner, og hadde altså også tankar om ein ny og moderne fjøs for mjølkekyr.

– Sofie frå Vigra i Møre og Romsdal er ein verdig vinnar og ein flott representant for framtida i norsk landbruk, sa Borch på nettsida til Årets unge bonde.

I starten var Sofie Høyvik budd på ein tøff økonomi, men ikkje at det skulle vare ved - og bli enda tøffare.

– Eg tente meir pengar då eg var student og jobba ved sidan av, seier Høybakk om økonomien i dag.

Alt har blitt dyrare
Landbruksansvarleg Stig Tryggestad i Sparebanken Møre seier at for bønder som nyleg har overteke gard og investert i løpet av dei fem siste åra, er det blitt tøft med rente og generell kostnadsauke på toppen.

– Det er mange som har slite dei to siste åra på grunn av kostnadsauken, seier han.

Trass i to gode landbruksoppgjer er det blitt tyngre, fordi kostnadane har auka enda meir. I tida før tilskotet frå landsbruksoppgjeret kjem i februar, er det mange som slit med likviditeten, ifølgje Tryggestad.

Ørsta-bonde bygde «i tide»
Karl Frode Slettedal i Bondalen i Ørsta bygde fjøs til 10 millionar i 2015.

– Eg er glad for at eg gjorde det då eg gjorde det, seier Slettedal. I dag ville eit tilsvarande fjøs, med lausdrift og plass til 55-60 mjølkekyr, kosta omlag det doble.

Det hadde han ikkje greidd.

Økonomien er dårlegare enn då han starta.

– Det er vanskeleg å investere noko meir, seier han.

Tel på knappane på Vigra
No tel Sofie Høybakk på knappane.

Sambuaren er i full jobb, og arbeider i tillegg på garden. Ho sjølv anslår at ho legg ned rundt 3000 arbeidstimar i året i gardsdrifta.

Draumen om å gi dattera den jordnære oppveksten ho sjølv opplevde då ho vaks opp på garden, kjenner ho på at ho ikkje greier å oppfylle, på grunn av arbeidsmengda og den økonomiske situasjonen.

– Eg klarer ikkje å ofre familien, slik som eg gjer no, seier ho.

Publisert: 08.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 08.03.2024 13:53

Mer om