Bil og moebelhandel i kvar sin liga
PÅ TOPP: Volvo toppar lista på Årets Kundebarometer. Bilbransjen, her representert ved Terje Løvmo i Ålesund Bil, har klatra oppover i popularitet. Det har ikkje møbelhandlarane greidd.
Analyser

Bil- og møbelhandel i kvar sin liga

Bilforhandlarane er flinkare med kundane enn møbelbutikkane. Det gir resultat.

20.05.2018
ANALYSEDen årlege kartlegginga av korleis folk ser på ulike handelsbedrifter er kanskje noko av forklaringa på kvifor bilhandelen på Nordvestlandet har gått opp trass oljenedturen, medan møbelhandlarane har stagnert eller hatt tilbakegang.Oppseiingar i verft og offshorereiarlag prella tilsynelatande av på bilbransjen. Sidan NETT NO starta publisering i november 2013 har bodskapen vore nesten vore unison frå bilforhandlarane: Oljenedturen såg dei ingenting til. Einaste kortvarige unntak er Svein Idar Eiksund i Ulstein Bil, som merka at det gjekk litt tregare - i oktober-januar 2016/2017.Norsk Kunderbarometer kartlegg kvart år korleis folk ser på dei største handels- og servicebedriftene. Det er Handelshøgskolen BI som i over 20 år har stått for kartlegginga, der bedriftene vert rangert på ein skala for null til 100. Under 60 poeng fortel om svært misnøgde kundar, 60-70 poeng om likegyldige/misnøgde kundar, 70-75 poeng om nøgde kundar, 75-80 poeng om svært nøgde kundar og over 80 poeng om begeistra kundar.I 1998 scora bilforhandlarane i gjennomsnitt 70 poeng, i 2008 77,9 poeng og i 2018 79,9 poeng.Talrekka for møbelbransjen startar i 2000 med 68 poeng, held fram med 68,5 poeng i 2008 og 70,2 poeng i 2018. Bilbransjen har altså klart å få til ei vesentleg betring medan møbelhandlarane berre så vidt er over grensa som viser at kundane er nøgde.I møbelhandelen er det berre fire aktørar som er med i kartlegginga (2018-poeng i parantes); Ikea (76), Møbleringen (74), Bohus (70) og Skeidar (60). Spesielt for Skeidar er dette triste tal.Pål Rasmus Silseth, er prosjektleiar for Norsk Kundebarometer. I presentasjonen av resultat for 2018 skriv han at fleire handelsbedrifter har ei negativ utvikling. Mange kjeder treng nytekning for å hindre meir lekkasje til netthandelen: "Vi ser også en klar negativ utvikling for mange av bedriftene innen faghandelsbransjer som «interiør», «glass og stentøy», «bokhandel», «kiosk», «klær», «møbler», «sport» samt kjeder som Nille og Plantasjen. Her skjer nedgangen fra allerede lave nivåer."I bilbransjen er det mange aktørar med Volvo (85 poeng) på topp i 2018. Seks av i alt ti forhandlarar som er med i undersøkjinga fekk 80 poeng eller meir. Nederst på stigen kom Nissan og Ford, med 74 poeng. Botnen hos bilforhandlarane er med andre ord omlag på nivå med toppen for møbelhandlarane.For dei aller fleste er møbelkjøp ei langt mindre investering enn bilkjøp. Det i seg sjølv gjer at barrieren for å handle over nettet er mindre. Med misnøgde eller likegyldige kundar i tillegg blir møbelhandelen berre enda meir utsett frå konkurranse frå konkurrentar på nettet.Årets Kundebarometer-rangering har 160 selskap på lista. Kor få selskap får Nordvestlandet som er store aktørar med varer og tenester retta mot forbrukarmarknaden blir demonstrert over det knappast finnes selskap med hovudkontor på Nordvestlandet på lista.Ferjereiarlaget Fjord1 er plassert på ein 109-plass, med 69,7 poeng. Det er tredje året på rad med fall på rangeringa. I 2017 kom Fjord1 på 93. plass, med 72,1 poeng. I 2016 var plasseringa nummer 65, med 74 poeng.Nettbokhandelen Haugenbok.no, som før hadde hovudkontor i Volda er i dag ei avdeling i Bergensbaserte Vigemostad & Bjørke.I 2015 gjekk Haugenbok.no heilt til topps på Årets kundebarometer med 85,7 poeng.Også i 2016 og 2017 var nettbokhandelen blant topp ti, men i år rykte den heilt ned til 38. plass, med 76,4 poeng.

Publisert: 20.05.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59