Marianne Sivertsen Naess foto Ogne
KOMPENSERER FOR CO2-AVGIFT: Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss
Nytt

Aukar kompensasjonen for CO2-avgift

Fiskeflåten får meir støtte for å betale statleg avgift.

15.10.2025

Regjeringen vil auke kompensasjonen fiskeflåten får på grunn av CO2-avgifta med  140 millionar kroner, til 640,4 millioner kroner. 

Auken er ein del av framlegget til statsbudsjett for 2026, som er lagt fram i dag. 

Regjeringa vil også utvide kompensasjonsordning til å gjelde også fiske i såkalla fjerne farvatn.

Les også: Alt om statsbudsjettet 

Manglar alternativ
Poenget med CO2-avgifta er å gjere fossile drivstoff - i praksis diesel - dyrare for å stimulerer fiskarane til å legg om til andre energikjelder, som reduserer eller ikkje gir utslepp av CO2.

Problemet er kva dei skal legge om til.

"Fiskerinæringen har få grønne alternativer i dag, og et høyt avgiftsnivå kan føre til at fartøy fyller mer drivstoff avgiftsfritt i utlandet (karbonlekkasje).", skriv regjeirnga i framlegget til statsbudsjett.

Det er forklaringa på at fiskarane både må betale meir for dieselen, og samstudes får kompensasjon for den auka kostnaden,

Omstridd avgift
Både Senterpartiet, Høgre, Venstre, Framstegspartiet og Kristeleg folkeparti vil  fjerne CO2-avgifta.

Arbeidarpartiet sitt framlegg har vore å auke kompensasjonen i staden, og i framlegget til statsbudsjett lovar regjeringa at  kompensasjonsordninga skal vidareførast også i 2027.

Publisert: 15.10.2025 10:19

Sist oppdatert: 15.10.2025 11:15

Mer om