Den perfekte stormen
FOSNAVÅG: Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr (t. h.) i møte med leiinga i Solstad Offshore ved visekonsernsjef Sven Stakkestad og konsernsjef Lars Peder Solstad.
Analyser

Den perfekte stormen

Eit Sunnmøre utan større offshorereiarlag? Ja, det utenkjelege kan skje. No er det tid for samling i botnen.

07.08.2016
ANALYSE
Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr ropar eit alvorleg varsku etter at Aker/Solstad slukte Rem Offshore. Han fryktar at andre fort vil følgje etter, og ber dei lokale reiarane samle seg og finne ei sunnmørsk løysing.
Goksøyr er ordførar i ein kommune som er heilt avhengig av at det går bra i offshore og fiskeri. Her er det offshorereiarlag med totalt 100 fartøy. Han fryktar at både Havila Shipping og Olympic Shipping kan følgje etter Rem Offshore ut av kommunen, og det er heller ikkje sikkert at franskeigde Bourbon Offshore Norway så lenge ser seg tent med å ha eit selskap i Herøy slik innteninga er i Nordsjøen.
Goksøyr er redd for arbeidsplassar og skatteinntekter, men han er også redd for at ein skal miste det han kallar patriotkapital; dei som stiller opp når det skal byggjast konsertsal, badeland, hotell, stadion – eller menigheitshus – for den saks skuld.
Frykta er reell, og gjeld i stor grad også for Ulsteinvik med eit Island Offshore som slit med mykje av dei same problema som Herøy-reiarlaga. I tillegg merkar både Kleven Verft og Ulstein Verft offshorenedturen og har liggjande offshoreskip som ikkje vert leverte. Dette kostar verfta dyrt.
I Ålesund har Farstad Shipping hatt ein like viktig posisjon som AAFK og Sunnmørsposten – om ikkje viktigare, men også her renn pengane ut i stor fart, og det nærmar seg raskt tida der Farstad-leiinga må finne ei løysing, om ikkje vert det fort andre som tek over styringa av selskapet.
Store deler av den maritime klynga på Sunnmøre er i praksis i spel. Om dei store offshoreselskapa ryk, vil mykje anna også kunne ryke. Det er dermed gode grunnar til at ein er nervøs både ved utdanningsinstitusjonar, ved Ålesund Kunnskapspark og andre stader der det vert drive forsking og utdanning, for desse selskapa står bak mykje av den forskinga som pågår. Og ikkje minst er det nervøsitet i den store underskogen av bedrifter som i stor grad lever av verft og offshoreselskap.
Enkelte ropar om at Sparebanken Møre skal bidra, men sjølv om banken har eit uttalt regionalt samfunnsansvar, er det utenkjeleg at banken skal gå inn og hjelpe Nordea, DnB og andre nasjonale forretningsbankar med å redusere deira offshoretap. Dette ville truleg også skapt eit ramaskrik mellom banken sine øvrige kundar.
Andre ropar også om at sunnmørske kapitalistar må stille opp, men utfordringa er at det nettopp er dei ein etterlyser som sit med dei største problema.
Det er i denne situasjonen at ordførar Arnulf Goksøyr manar offshorereiarane om å setje seg ned saman og prøve å finne ei sunnmørsk løysing. No er det på tide med samling i botnen, slik ein gjerne gjer det i idrettsverda når det er krise. Då er det verken tidlegare suksessar eller spelestil som betyr noko. Då dreier det seg om å overleve – ved å drage lasset saman og gjere kvarandre sterkare.
No vert det ikkje ein einaste færre båt ved at selskap slår seg saman, og ein mister også den positive drivkrafta det ligg i den sunne konkurransen mellom selskapa. Det er heller ikkje slik at Statoil og andre kjøparar av offshoretenester ønskjer seg størst og færrast muleg selskap. Dei ønskjer konkurranse.
Det finst eit femtitals små og store offshoreselskap i Norge i dag, og det finst mange gode grunnar til å ønskje seg mange offshoreselskap. Men dei fleste av desse selskapa treng no pengeinnsprøyting, og saka er at dei som sit på gjelda ønskjer konsolidering, i hovudsak økonomane i DnB, Nordea og GIEK. Berre DnB har 56 milliardar kroner i utlån til norske offshoreselskap, og jobbar no hardt for å avgrense tapa. Då spelar det inga rolle kva du sjølv meiner er beste løysinga. Det er långjevarane som bestemmer når du ikkje klarer å handtere gjelda di, same kor smerteleg det er. I tillegg er det slik at bankane krev at du går inn med pengar sjølv for å seie ja til restrukturering av gjelda. Denne eigenkapitalen sit no langt inne hos mange av dagens eigarar.
I tillegg har eitt av dei store problema i offshore vore at selskapa i iveren etter å halde skutene i drift og mannskap i arbeid underbyr kvarandre, og ofte går inn på tapskontraktar, og dermed bidreg til å grave både si eiga og andre si grav. Om ein gjennom konsolidering får slutt på ein slik praksis, er alt mykje vunne.
Tre som har forstått dette er John Fredriksen, Kristian Siem og ikkje minst Kjell Inge Røkke. Dei har pengane, dei har handlekrafta og dei har vist seg å ha teft for å kjøpe på botn og selje på topp. Det såg ein nyleg då Røkke selde seg ut av Havfisk i ei tid då Havfisk gjer det betre enn nokon gong.
No er desse aktørane klare til å plukke opp skakk-køyrde sunnmørske offshorereiarlag, og det er inga stor hemmelegheit at Røkke gjerne kan tenkje seg Farstad, og at det har vore kontakt mellom partane i lang tid.
Om Solstad på sin side er like interessert i at eit stort selskap som Farstad kjem inn, er derimot meir usikkert, for då kan Solstad fort risikere å miste kontrollen over eige selskap. Men når krubba er tom er det han som sit på pengesekken som har makta, og det er Aker og Røkke.
Og kanskje er det slik at ei løysing med Kjell Inge Røkke og Aker er den nest beste, eller den minst dårlege av fleire dårlege alternativ sett i eit sunnmørsk perspektiv? Det er i alle fall lite som tyder på at Siem og Fredriksen er lokalpatriotisk kapital, slik Arnulf Goksøyr etterlyser. Då er det nok meir sunnmøring i romsdalingen Kjell Inge Røkke.
Det er mange som no er etterpåkloke, og som også tek sjølvkritikk for å ikkje heilt å ha tatt inn over seg at ein milliard lånte kroner faktisk er like mykje som 1000 millionar lånte kroner. Berre Rem, Havila og Olympic har 15000 millionar i gjeld.
I ettertid er det lett å sjå at selskapa har bygt for mykje og for dyrt, der dei bestilte båtar i tur og orden som kosta like mykje som Eiksundsambandet - eller meir, utan at nokon stussa over det, medan det tok lang tid å få folk til å forstå at det faktisk var økonomisk muleg å byggje Eiksundsambandet.
Ein vart rett og slett litt fartsblinde, men dette er uansett ikkje tida for å finne syndebukkar. Dette er tida for å finne dei gode løysingane.
Og ein må heller ikkje gløyme at offshorenæringa vart ramma av den perfekte stormen, der alle tenkjelege og utenkjelege negative forhold slo inn på same tid. Det er nok å ramse opp Petrobras-skandalen, blokkeringa av norske skip, Russland-sanksjonar med utkasting av norske skip frå Barentshavet, fornya oljeproduksjon i Iran, OPEC sitt forsøk på å presse oljeprisen så lavt at skiferoljeprodusentane i USA fekk problem, med stup i oljeprisen og påfølgjande enorme kutt i investeringar og leiteaktivitet, seismikkskip i opplag, riggar i opplag, offshoreskip i opplag, oppsagte sjøfolk og selskap som går over ende.
Men etter ein slik perfekt storm, vert det alltid ein periode med fint vêr. Det er det Røkke, Siem og Fredriksen ser. Sjølv om inntektene ikkje kjem opp på same høge nivå som tidlegare, har stormen også ført til at ein har eit lavare kostnadsnivå gjennom alle kutt og tilpasningar som er gjorde.
Oppturen kjem i offshore, og oppsida er stor. Då bør det også vere sunnmøringar som sit bak nokre av spakane. Det er ikkje for seint å lukkast med dette, men det hastar. Brikkane i puslespelet vert lagde no.

Publisert: 07.08.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59