Ei bragd om kondemneringsfondet blir etablert
KAN RESIRKULERAST: Seismikkskip i opplag i Farsund. Det er lite truleg at alle desse skipa kjem i arbeid på nytt. Lukkast forsøket på å etablere eit stort kondemneringsfond for offshorefarty kan dei fort ende som skrapjern.
Analyser

Ei bragd om kondemneringsfondet blir etablert

Eit stort kondemneringsfond for å finansiere opphogging av overflødige offshorefarty er ein god ide - og ei bragd om det lukkast å sette ideen ut i livet.

13.12.2020
ANALYSE– Vi må få til eit kondemneringsfond der både eigarar, kreditorar og staten bidreg. Det vil gi fordelar for både reiarar som er i stand til å kontrahere nye skip og det vil gi aktivitet i heile det maritime miljøet med å resirkulere skip på ein miljøvennleg måte, sa Stig Remøy på eit arrangement i regi av Norges Rederiforbund denne veka.I oktober 2018 melde offshorereiarlaget Solstad Offshore at selskapet måtte gjennom ei ny runde med refinansieringsforhandlingar. Gjelda blei for tung å bere i ein blytung marknad.Solstad Offshore omfattar både det opphavlege Solstad Offshore og Farstad Shipping, Deep See Supply og Rem Maritime. Det er Noregs klart største offshorereiarlag og vart skapt i den første runde med refinansieringar etter oljeprisfallet i 2014, der mellom andre DNB heia på færre og større offshorereiarlag som eit middel for å få ein betre balanse mellom tilbod og etterspørsel.Først i oktober 2020, etter to år med forhandlingar og fleire omgangar med utsetjing av fristar, var Solstad Offshore i mål.Verdien av selskapet vart sett praktisk talt til null, kreditorane gjorde om omlag 10 milliardar kroner frå gjeld til eigenkapital, og sentrale aksjonærer som Solstadfamilien, Aker og John Fredriksen-systemet fekk bli med vidare etter å ha gått inn med nye 70 millionar. Men gjelda er framleis omlag 20 milliardar kroner og dei gamle skipa som Solstad etter planen skal kvitte seg med ligg førebels ikkje i kø hos verft som kan gjere dei om til skrapjern.Å etablere eit konsolideringsfond for heile bransjen - - blir på sett å vis å gjennomføre ei tilsvarande refinansiering, berre i mange gangar større skala.Fordelane med ei slik ordning er fleire, slik Remøy peikar på. Offshorereiarlaga kan legge krisa bak seg og slepp å bruke tid på advokatar, meklarar og kreditorar, lønsemda kan gå opp, reiarlaga kan så smått byrje å bygge nytt, verft kan få opphoggingsoppdrag og dei eldste og mest forureinande skipa kjem aldri i drift att.Skyhøge stålprisar hadde letta arbeidet, og stålmarknaden har faktisk gitt litt drahjelp. , 80 prosent over nivået 1. april. Det er kinesisk etterspørsel kombinert med at mange stålverk i Europa framleis ikkje er opna igjen etter at dei stogga produksjonen og gjennomførte vedlikhald tidleg i koronaepidemine.Resirkulert stål gir mindre CO2-utslepp enn å laga stål av malm, noko som og kan vere positivt for dei som skal hogge skip. Likevel er det eit misforhold mellom gjelda som er knytt til offshoreskipa som ligg i opplag og verdien som skrapjern. Gjelda som er knytt til skipa heng saman med kva dei kosta å bygge, ikkje kva stålet er verdt.Det er rett slett ikkje råd å bli kvitt gjelda ved å selje skipet som skrapjern. Kombiner det med at det ofte er fleire långivarar inn i biletet, med ulike interesser - i kvart einskild selskap. Det er snakk om både bankar og obligasjonslångivarar, og ulik grad av pant i skip mellom dei ulike långivarane. Alle forstår at gjelda er for høg, men kven vil går med å avskrive krav og dermed få eit reelt tap? Om alle unntatt ein går med på å ta tap, kan den eine som seier nei sitte att med gevinsten og få att heile lånet att med renter. Så lenge håpet om å vere den eine er større enn frykta for å tape alt, er situasjonen fastlåst. Koronakrisa kom og forlenga og forverra offshorekrisa akkurat i det fleire offshorereiarar byrja å bli litt optimistisk.Korona kan paradoksalt nok ha medverka til å auke kriseforståinga. Det kan og auke sjansen til å få etablere ei ordning som får skip i opplag levert til opphogging, men neppe nok til sette i gang prosessen. Sannsynlegvis må staten inn med midlar om noko skal skje raskt, men dei 150 millionane som regjeringa kom med som kondemneringstilskot i haust er i denne samanhengen så lite at det truleg har minimal betydning.Om det er politisk vilje til å bla opp så det monnar er uvisst. Långivarane sit trass alt med nøkkelen, og det kan hende politikarane tenkjer bankar og obligasjonlångivarar først får ta eit større ansvar for konsekvensane av utlånsiveren sin.

Publisert: 13.12.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 22:00