Ein rett Vestre
Det er lett å bli deprimert av utviklinga som møbelprodusent Jan Christian Vestre peiker på for norsk industri. Kunsten er å sjå moglegheitene.
ANALYSE:
Å oppleve Jan Christian Vestre fortelje om ståa for norsk industri er som å få ein knyttneve i trynet – for så å bli løfta opp med fornya optimisme. 33-åringen tok over familiebedrifta Vestre AS i 2012. Etterpå har pilane berre peika opp for konsernet som lagar utemøblar på Jæren, i Vestfold og Torsby i Sverige. Omsetninga på nær 168 millionar kroner i fjor er kring firedobbelt så høg som då han tok over. Resultat før skatt blei i fjor på nær 30 millionar – og driftsmarginen var på meir enn 16 prosent.
Takkar nei til oppdrag
Å bevise at det er mogleg å lage møblar i Skandinavia trass høge kostnader, er sentralt i filosofien til Vestre. Det same er å lage produkt med lang levetid. Og dei tek seg «friheiter» til å seie nei til å lage ting dei meiner er feil. Til dømes benkar og bymøblar som gjer det vanskeleg for heimlause å nytte dei til å sove på.
- Det er ikkje vår jobb å halde dei svakaste vekk frå gatene, seier Jan Christian Vestre og meiner det er politikarane sitt bord.
I staden gir bedrifta sin skjerv ved at ti prosent av overskotet går til bistand. Om alle bedrifter hadde gjort det same, ville det utgjort like mykje som heile bistandsbudsjettet til Norge, legg han til.
Nedslåande utvikling
I tillegg til å drive ei verksemd med vind i segla, tek Jan Christian Vestre seg tid til å reise land og strand rundt for å fortelje om si uro for korleis det eigentleg står til med dei «underliggande faktorane» bak framleis høge olje- og gassinntekter og låg arbeidsløyse.
Denne veka deltok han på 30-årsmarkeringa til Sykkylven Næringsutvikling der han engasjert delte bodskapen.
Les meir: Møbelbygda treng fleire bein å stå på
Vestre trekker fram SSB-tal som viser at det berre var Italia i Europa, som hadde svakare økonomisk vekst enn Norge i fjor. Dei siste fira åra har vi hatt svakast vekst i Norden - og vårt naboland Sverige har hatt 75 prosent høgare vekst enn oss. Dei siste 20 åra er Norge også det landet som har tapt mest terreng på eksportmarknadene av alle OECD-landa. Handelunderskotet frå fastlandet er samtidig meir enn dobla på ti år og delen av befolkninga som er i arbeid har gått ned.
Det som likevel uroar Vestre mest er at investeringane til olje- og gassnæringa har auka 17 prosent dei ti siste åra – medan investeringar til industri på fastlandet har gått ned med 26 prosent. Med det som bakteppe er Vestre bekymra for om norsk næringsliv ser kor fort endringar av lågare etterspurnad etter norsk olje- og gass, kan påverke økonomien.
Seks gode grunnar til suksess
Utfordringane med låg vekst, lite eksport og færre folk i arbeid kan virke store – og Vestre meiner vi har to val: – Anten kan vi seie at no går alt nedover, eller så kan vi brette opp ermane og gjere denne omstillinga skikkeleg.
For han er framleis optimist og meiner det er minst seks gode grunnar til å vere det:
- Fornybar energi
– Verda vil ha produkt som er lagd med lågast mogleg klimaavtrykk, seier han og viser til at Norge har ein kjempefordel med vasskraft.
- Grøne råvarer
– Vi har skog av høg kvalitet og produserer verdas grønaste aluminium, seier Vestre og meiner det er gode moglegheiter til å auke handel frå både prosessindustri, skogbruk og sjømat.
- Bedriftskultur
– Eg pleier seie at om du opponerer mot sjefen i Norge, så har du større sjanse til å bli månadens tilsette, enn å få sparken. Vestre viser til at lite hierarki på norske arbeidsplassar er med på å fremje nyskaping i bedriftene.
- Robotisering
– Teknologien er på vår side og vi er best til å ta den i bruk først, meiner Vestre. Han lovprisar korleis Ekornes har teke i bruk robotteknologien og trur vi vil sjå meir heimflagging av norske produksjonsbedrifter.
- Norsk design
– Vi utdannar industridesignarar i verdsklasse, seier Vestre og viser til at internasjonale bedriftsleiarar trekk fram design, berekraft og kvalitet som styrker hos norske produsentar.
- Svekka kronekurs
– No kan eg selje den same stolen til Times Square (Vestre kapra nyleg prestisjeoppdraget med å levere møblar til møteplassen i New York, journ. anm.) 25 prosent billigare enn for tre år sidan - med same forteneste – utan å gjere nokon ting!
Trass ulempene med lågare kronekurs, meiner difor Vestre at augneblinken for å satse på auka norsk eksport knapt har vore betre: – Det er nok av folk der ute i verda som vil betale litt meir for å få noko som er unikt, seier han.
Ut i verda
Sykkylven har på same vis som mange andre kommunar på Nordvestlandet, utfordringar med eit einsidig næringsliv. Difor var nok publikummet på markeringa av Sykkylven Næringsutvikling sine første 30 år ekstra lydhøyre for Vestre sitt bodskap.
Ekornes-konsernet held framleis koken, men mange møbelbedrifter i kommunen har slitt med lønnsemda dei siste åra. Vestre trur framleis møbelindustrien kan spele ei viktig rolle i å skape ny industriell vekst i åra framover. Han meiner viktigaste er å kome seg ut i verda.
Uansett er det mange gode grunnar for norske møbelbedrifter – og andre ferdigvareprodusentar å sjå meir til utlandet, enn til norsk varehandel der priskonkurransen er høgare enn nokon gong.
Det er nok av folk der ute i verda som vil betale litt meir for å få noko som er unikt
Publisert: 01.12.2019 05:55
Sist oppdatert: 15.10.2021 13:13