Analyse: Farvel til reiselivet, slik vi kjende det
Reiselivet blir ikkje det same etter korona, om strategiedokumentet frå Innovasjon Norge får gjennomslag.
ANALYSE
Kort oppsummert fortel strategidokumentet at flycharterturisme frå andre verdsdelar, med gjester som kjem om kvelden og reiser vidare om morgonen, er ute. Cruisetrafikken basert på skip med dieselmotorar heng i ein tynn tråd.
Det er berre å sjå for seg ein vanleg sommardag i Ålesund eller Geiranger for å forstå at strategidokumentet legg opp til store endringar.
Dystert, sette frå reiselivsnærings si side? Slett ikkje, følgje dokumentet.
Her er nokre setningar som fortel korleis forfattarane av dokumentet ser for seg situasjonen i 2030. Stikkorda er heilårsturisme, reduserte utslepp, betre lønsemd og ei sterk tru på svært rask teknologiutvikling når det gjeld bruk av drivstoff-kjelder til transport:
"Det er aktivitet hele året, og tilbud skapes både for dem som bor i nærheten og i fjerne land. Våre internasjonale gjester har høy betalingsvilje og lavt fotavtrykk."
"Det er grønne gjennomgående transportsystemer inn til Norge og de benyttes av alle som kommer"
"Flere steder har nå 50 prosent av de yrkesaktive sitt daglige virke i reiselivet. Der næringen lykkes, snur flyttestrømmer. Byer og bygder over hele landet har fått en puls som beriker både bofaste og besøkende. Ungdommen liker å jobbe i næringen, utdanner seg til den og blir værende i den."
"I 2030 brukes ikke fossil energi, alt går med elektrisitet og hydrogen, - både fly, båter, tog, passasjerdroner og andre kjøretøy."
Dokumentet oppsummerer måla for 2030 i fire punkt:
Fleire jobbar og betre lønsemd: Sysselsettinga i næringa skal opp 25 prosent og inntektene skal opp 40 milliardar kroner årleg fordelt 50/50 frå innenlands reisande og utlendingar. (Til samanlikning er inntektene frå utanlandske reisande i Noreg i dag 59 milliardar kroner, ifølgje strategidokumentet).
CO2-utsleppa skal halverast. Ein større andel av gjestane skal både vere godt betalande og kome hit utan store utslepp.
Lokal gevinst. Auka reiselivsaktivitet skal gi fleire jobbar og ringverknadar i lokalsamfunna.
Satse på reisande som betalar best. Tilbodet til reisande må utviklast for å trekke til seg dei som både blir ei stund og som betalar godt.
Nasjonal Reiselivstrategi 2030, som dokumentet heiter, er laga av Innovasjon Norge på oppdrag frå regjeringa og baserer seg mellom anna på innspel frå rundt 400 små og store aktørar i og rundt reiselivsnæringa.
Målet var både å kome med framlegg til korleis reiselivsnæringa raskt skal kome seg etter koronakrisa, og også korleis den skal utvikle seg fram mot 2030.
Det er minst to grunnar til å ta dokumentet alvorleg:
Dagens regjering snakkar mykje både om at CO2-utslepp skal reduserast kraftig innan 2030, legg stor vekt på dei såkalla berekraftmåla til FN og har vist vilje til å bruke skattepengar og reguleringar for nå desse måla. Ei regjering frå Ap, Sp og SV, som nett no ligg an til å ta over etter Stortingsvalet til hausten, har tradisjonelt vore enda meir viljug til å føre ein såkalla aktiv næringspolitikk, der støttetiltak og reguleringar er verkemiddel. Det kan bli nyansar i korleis CO2-måla skal nåast, men ingen av desse partia har stilt seg i opposisjon til sjølve ideen om at utsleppa må ned. Truleg blir det uansett eit støtte- og reguleringsregime for å styre utviklinga i den retningar strategidokumentet legg opp til.
Hadde reiselivet i gjennomsnitt vore svært lønsamt, som til dømes fiskeri og oppdrett har vore i lang tid, ville det vore eit argument mot endringar. Men slik er det ikkje, og fram til for tre-fire år sidan tapte opp mot 30 prosent av distriktshotella pengar til og med i høgsesongen sa dåverande leiar for reiselivsselskapet Fjord Norge, Kristian B. Jørgensen i eit intervju med NETT NO i 2019. Både lønsemda og inntektene har tatt seg opp sidan, og investorar har vist aukande interesse for reiselivet, men lønsemda er framleis ikkje så god at den er eit argument for å halde fast ved ei masseturismesatsing.
I fjor sommar lærte også mange reiselivsaktørar at det gav meir pengar i kassa å ha norske gjestar i høgsesongen. Nordmenn har god råd og det er store grupper i utlandet som har like god økonomi. Det er dei dei skal jaktast på, både i høgsesongen og ellers i året, legg strategidokumentet opp til.
Publisert: 06.06.2021 06:00
Sist oppdatert: 30.08.2021 09:37