Ei spørjeundersøkjing nettavisa Europower har gjort konkluderer med at både Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet vil gå i mot Ap-regjeringa sitt framlegg om å innføre 45 prosent grunnrenteskatt på småkraftverk.
Arbeidarpartiet, MDG og Rødt støttar framlegget, ifølgje avisa.
I dag har kraftverk med ein kapasitet på under 10 MW unntatt denne skatten. Regjeringa vi senke den nedre grensa til 1,5 MW, slik at berre dei aller minste kraftverka får fritak.
Framlegget har vekt sterke reaksjonar i bransjen, mellom anna fordi Arbeidarpartiet i valkampen skreiv til bransjeforeininga Småkraftforeninga at den ville ha stabilitet i skattlegginga.
Krf på vippen
Til saman har Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet 80 representantar på Stortinget.
Kristeleg Folkeparti har sju mellom dei Harry Valderhaug - og er dermed på vippen.
Beredskap
Valderhaug presiserer at partiet ikkje har handsama spørsmålet om grunnrenteskatt på småkraftverk enno. Men han er samstundes klar på kva han vil: At partiet seier nei til å innføre skatten.
Det handlar mellom anna om å ikkje legge ei ekstra byrde på ei næring med pressa lønsemd, og behalde den beredskapen i energiforsyninga som småkraftverka utgjer.
Overstyrt av Stortinget
Ap-regjeringa er ei mindretalsregjering som treng støtte frå fleire parti for å få fleirtal.
Regjeringa har allereie gått på eitt nederlag etter valet i september.
Framlegget om å skrinlegge Stad Skipstunnel for godt, enda tidlegare i haust at eit fleirtal på Stortinget vedtok at det skal forhandlast om pris og vilkår med dei tre entreprenørgruppene som har gitt bod på bygginga.
Publisert: 27.10.2025 12:04
Sist oppdatert: 27.10.2025 17:04






